Dobbelt statsborgarskap


Frå og med 1. januar 2020 er det tillate å ha eitt eller fleire statsborgarskap i tillegg til det norske.

Kven kan ha dobbelt statsborgarskap?

Frå og med 1. januar 2020 er det tillate å ha eitt eller fleire statsborgarskap i tillegg til det norske. Du kan ha eitt eller fleire statsborgarskap i tillegg til det norske.

Viss landet du er statsborgar av no ikkje tillèt at du har fleire statsborgarskap, kan du likevel miste dette statsborgarskapet når du blir norsk. Du må sjølv undersøkje kva reglar som gjeld i landet du er statsborgar av no. Du kan til dømes sjå etter informasjon på ei offisiell nettside som tilhøyrer styresmaktene i dette landet, eller spørje ein ambassade.

Du treng ikkje å gi beskjed til norske styresmakter om at du ønsker å behalde det tidlegare statsborgarskapet ditt.

Kva vil det seie å ha dobbelt statsborgarskap?

Fant du det du lette etter?