Dersom du har ein digital postkasse, slepp du å vente på at brevet frå oss skal kome fram i posten. Du kan spare opptil to vekers ventetid dersom du har ein digital postkasse.
Når vel ein digital postkasse, får du ikkje brev frå oss i vanleg post lenger. Digital postkasse er heilt gratis.
Du kan også logge inn i ID-porten med dei elektroniske ID-ane Buypass (ekstern nettstad) eller Commfides (ekstern nettstad).
På grunn av desse krava er det ikkje alle som kan få ein digital postkasse. Til dømes kan du ikkje få det dersom du aldri har budd i Noreg. Dersom du ikkje har ein digital postkasse, får du brev frå UDI som vanleg post.
Når du får eit nytt brev i den digitale postkassen din, får du ein e-post eller ein SMS med melding om at du har fått brev der.
Digital post er ikkje det same som e-post. Når vi sender deg digital post, er det mykje tryggare enn vanleg e-post. Derfor kan vi sende deg brev der som vi ikkje kunne sendt deg på vanleg e-post.
Du må logge inn på den digitale postkassen din for å lese digital post.
Nei. Du må ikkje ha ein digital postkasse. Dersom du ikkje har ein digital postkasse, får du brev i den vanlege postkassen din heime.
Dersom du kan, rår vi deg til å opprette ein digital postkasse.
Ja, dersom du vil at nokon andre skal kunne opne breva du får, kan du gi dei tilgang til den digitale postkassen din (ekstern nettstad). Du kan til dømes gi tilgang til ektefellen din eller ungane dine.
Dersom du skal gi nokon andre tilgang, må den personen også ha ein digital postkasse sjølv. For at nokon skal kunne få sin eigen postkasse, må dei vere over 15 år gamle.
Det er berre du som kan gi nokon andre tilgang til postkassen din. Dersom du vil at nokon du har gitt tilgang til postkassen din, ikkje skal ha det lenger, kan du fjerne tilgangen igjen.
Klagefristen på vedtak du får frå UDI, er tre veker. Det er den same fristen uansett om du har digital postkasse og får vedtaket ditt der, eller om vi sender deg vedtaket som eit vanleg brev i posten.
Når du har digital post, vil det seie at du må klage seinast tre veker etter at du fekk e-post eller SMS om at du hadde fått vedtaksbrevet.
Når du har blitt varsla om at du har fått eit brev, er det ditt eige ansvar å lese brevet.
Dersom du har problem med den digitale postkassen din, finn du hjelp på noreg.no (ekstern nettstad).
Du kan også kontakte brukarstøtte hos Digipost (ekstern nettstad) eller e-Boks (ekstern nettstad).