Dersom du har fått eit avgrensa løyve, vil det stå «avgrensa mellombels opphaldsløyve» i overskrifta i vedtaket du har fått.
Det er viktig for norske styresmakter å vite kven som er i landet. Derfor skal vi som hovudregel berre gi deg opphaldsløyve dersom du har lagt fram eit identitetsdokument for oss og vi ikkje har gode grunnar til å tvile på at du er den du seier du er.
I ein del saker meiner vi at det likevel er sterke grunnar til å gi opphaldsløyve. Det kan vere fordi det er særleg sterke menneskelege omsyn knytte til barns situasjon, eller på grunn av alvorlege helsemessige forhold. Då kan du få eit avgrensa løyve som gir deg sjansen til å dokumentere eller sannsynleggjere identiteten din i ettertid.
Det at løyvet er avgrensa, inneber vanlegvis at
Norsk lov krev at du samarbeider med norske styresmakter og skaffar dei opplysningane vi ber om. I vedtaket står det kva vi krev av deg. Du kan få eit løyve utan avgrensingar når du har oppfylt krava vi stiller i vedtaket.
For å få oppheva avgrensingane i løyvet må du søkje om fornying av opphaldsløyvet ditt og levere inn dokumentasjon på identiteten din. Det står i vedtaket ditt kva for identitetsdokument du må levere inn.