Ankomstsenter
Ny ordning i 2015. Samordna registrering av asylsøkarar. Prosessen på ankomstsenter:
- Registrering hos politiet
- Registrering i UDI sitt asylmottakssystem
- Obligatorisk tuberkuloseundersøking og helseundersøking
- Informasjon frå NOAS om kva som skjer vidare i asylprosessen
Etter nokre dagar vert asylsøkarane flytta vidare.
Einslege mindreårige asylsøkarar under 15 år
Transittmottak
- Eigne transittmottak for einslege mindreårige asylsøkarar mellom 15 og 18 år.
Integreringsmottak
- Butilbod der bebuarane må forplikte seg til å følgje kommunen sitt kvalifiseringsprogram på heiltid.
- Integreringsmottak rettar seg mot vaksne og familier som har opphaldsløyve, eller som svært truleg kjem til å få opphaldsløyve.
Ordinære mottak
- Asylsøkarar vert flytta til ordinære mottak etter asylintervjuet hos UDI.
- Asylsøkarar bur i ordinære mottak medan søknaden deira vert handsama.
- Einslige mindreårige asylsøkarar mellom 15 og 18 år får tilbod om å bu i eigne mottak eller avdelingar som er tilpassa deira behov.
Tilrettelagde avdelingar
- Tilbod som er tilpassa asylsøkarar med fysiske eller psykiske hjelpebehov.
- Hovudsakleg for asylsøkarar med psykiske plager, men som ikkje er så sjuke at dei treng psykiatrisk behandling.
- Det er frivillig å bu i ei tilrettelagd avdeling.