Last ned strategien
UDI sin strategi (pdf, 120 kB)
UDI har eit viktig samfunnsoppdrag som vi skal løyse på ein tillitvekkande og effektiv måte. Det skal vi klare i ein situasjon der både omverdenen og rammevilkåra elles kan endre seg. Målet er å levere best mogleg på dei forventingane oppdragsgivarane og brukarane våre har.
Denne strategien set ei retning for korleis vi skal jobbe og kvar vi skal bevege oss som verksemd. Han handlar om at vi skal utvikle oss ved hjelp av omstillingsdyktige og kompetente medarbeidarar, og ved å ta i bruk nye teknologiske løysingar.
Strategien omtaler ikkje alle oppgåvene og utfordringane UDI jobbar med. Han handlar først og fremst om dei områda der vi har eit særleg behov for å løfte ambisjonsnivået. Slik sett er dette ein strategi for endring og utvikling.
UDI skal sette i verk innvandrings- og flyktningpolitikken til regjeringa. UDI skal behandle søknader etter utlendings- og statsborgerloven og vere fagorgan på utlendingsfeltet.
Vi skal
Heilskap
For å nå hovudmåla i strategien må vi ha ei felles forståing av korleis vi jobbar, styrer og leier. Vi skal heile tida forbetre arbeidsprosessane våre slik at vi kan levere betre resultat saman.
Vi skal ha leiarar som set retning, gir medarbeidarane eit tydeleg ansvar og handlingsrom, og som viser heilskapleg forståing for UDI si verksemd i utøvinga av leiaroppgåvene.
Vi skal ha medarbeidarar som tek ansvar for prosessar og oppgåver, og som deltek aktivt i utviklinga av UDI.
Måten vi jobbar på handlar om at
Målbiletet skildrar kva leiinga meiner skal kjenneteikne UDI i 2025. Målbiletet gir ei retning for utviklinga vi ønsker oss, og det er denne retninga vi skal styre mot dei næraste åra.
Som ei førebuing til strategiprosessen har UDI identifisert sentrale strategiske tema og uvissa knytt til dei, gjennom eit scenarioarbeid. Uvissa knyter seg til to hovudaksar; grad av kontroll på innvandring til Noreg og samordning av migrasjonskjeda i Noreg. Formålet med arbeidet er ikkje å spå om framtida, men å ha eit aktivt forhold til dei drivkreftene som påverkar verksemda vår framover. I strategidokumentet tar vi stilling til korleis vi ønsker å påverke utviklinga der det er mogleg, og på kva område vi må styrke oss for å sikre nødvendig beredskap, uavhengig av korleis scenarioa utviklar seg.
Målbilete skildrar ein ønskt tilstand i 2025 som vil gjere oss betre rusta til å møte ulike nasjonale så vel som internasjonale utviklingstrekk og rammevilkår.
Brukarane våre skal møte ei einskapleg offentleg forvaltning der ansvarsdelinga mellom etatane er tydeleg definert. UDI er den sentrale aktøren på utlendingsfeltet og ein pådrivar for gode brukaropplevingar og flyt i alle prosessar på tvers av etatane. Det gir effektive tenester for brukarane og kostnadseffektive løysingar for samfunnet. UDI sikrar at alle tenestene i utlendingsforvaltninga blir utvikla i tråd med brukarbehova, uavhengig av korleis utlendingsforvaltninga er organisert.
Gjennom fleksible løysingar er UDI godt rusta til å handtere endringar i internasjonale og nasjonale rammevilkår. Vi arbeider systematisk for å auke kvaliteten på data, og bruker teknologi for å effektivisere og automatisere saksbehandlinga og legge til rette for gode sjølvbeteningsløysingar. Vi tilbyr heilskaplege tenester frå ønsket om opphald i Noreg oppstår, til eit framtidig norsk statsborgarskap er innvilga. Vi sikrar riktig balanse mellom kontrollbehovet i samfunnet og tilrettelegging for effektive tenester for brukarane våre.
UDI bruker ressursane i staten på ein god måte ved å løyse samfunnsoppdraget kostnadseffektivt til det beste for brukarane og samfunnet. Vi jobbar systematisk med effektivisering og gevinstrealisering. Vi bruker statlege fellesløysingar og standardar når det er riktig og nødvendig.
UDI er ein attraktiv arbeidsplass med eit innovativt tankesett, og vi jobbar systematisk med å utvikle kompetansen vår for behovet i framtida. Vi er modige og nytenkande i vala vi tar for å levere dei beste løysingane for samfunnet og brukarane våre, og vi er organiserte på ein måte som understøttar flyt i prosessane og oppgåveløysinga.
Innvandringa til Noreg er i stor grad påverka av korleis migrasjonen i og til Europa blir handtert, og det gjeld både arbeidsinnvandring, familieinnvandring og asylinnvandring. UDI planlegg for variasjonar i saksinngangen og har ei organisering som sikrar at vi møter endringar i oppgåvene effektivt. I framtida kan det òg vekse fram andre former for migrasjon som vi må vere rusta for å handtere. UDI bidrar til føreseielegheit på migrasjonsfeltet gjennom å ha ei tydeleg stemme i internasjonale forum. Der bidrar vi med fagleg tyngde og er pådrivarar for felles europeiske løysingar. Vi skal jobbe for at alle personar i Europa har éin registrert ID. Vi skal innhente og dele erfaringar og løysingar med andre land for å få inn mest mogleg læring og nytenking i arbeidet vårt.
Dei tre hovudmåla og dei strategiske initiativa er beskrivne nedanfor. Dei viser dei områda vi særleg må utvikle oss på i den kommande strategiperioden. Måla er derfor ikkje dekkande for heile UDI si verksemd, eller for alle temaa frå målbilete. Målbilete skal gi retning òg for arbeid som ikkje er dekt i hovudmåla for strategiperioden 2019-2021.
Hovudmåla blir detaljerte ut gjennom dei strategiske initiativa vi skal sette i gang i strategiperioden. Dei strategiske initiativa skal understøttast av tiltak som vil bli konkretiserte i handlingsplanar for strategiperioden.
Vi legg til rette for eit heilskapleg migrasjonsløp med samanhengande tenester frå første søknad om opphaldsløyve til eit mogleg statsborgarskap.
Vi jobbar systematisk med å forstå behovet til brukarane og utvikle effektive tenester i tråd med det.
Vi kuttar ventetidene for brukarane gjennom å forbetre prosessar og bruke teknologi innovativt.
Vi har digitale tenester som er lette å finne, lette å forstå og lette å bruke.
Vi utnyttar informasjon vi har tilgang til og nye digitale analyseverktøy for meir treffsikker kontroll.
Vi tar eit aktivt hovudansvar for flyten i migrasjonskjeda på tvers av etatane.
Vi avklarer roller og ansvar mellom aktørane som leverer tenester til brukarane våre.
Vi bidrar til eit sømlaust samarbeid mellom aktørane særleg ved å bruka teknologi og eit enklare regelverk.
Vi organiserer oss på ein måte som understøttar god flyt i prosessar og løyser oppgåvene kostnadseffektivt.
Vi utviklar betre system for å styre målretta og effektivt.
Vi veit kva kompetanse vi treng for å løyse oppgåvene i dag og i framtida, og sørger for systematisk kompetanseutvikling i tråd med dette.
Vi legg planar for ein heilskapleg og fleirårig digitalisering som understøttar betre prosessar, målretta kontroll, effektiv kommunikasjon med brukarane og ei modernisering av IKT-infrastrukturen vår.
Vi utviklar leiarar og medarbeidarar som styrkar UDI sin endringskapasitet gjennom effektiv samhandling og læring.