Ukrainarar som reiser heim kan mista opphaldsløyvet
Utlendingsdirektoratet (UDI) har no motteke ein instruks frå Justis- og beredskapsdepartementet som inneber at UDI kan kalla tilbake mellombels kollektivt vern dersom ukrainarar reiser på besøk til heimlandet.
– Eg ønskjer no å likebehandla ukrainarar og andre nasjonalitetar når det gjeld konsekvensen av slike reiser, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl.
Du kan lesa pressemeldinga og instruksen frå Justis- og beredskapsdepartementet her (eksternt nettsted)
Vi jobbar med å oppdatera sidene våre med informasjon til flyktningar frå Ukraina om endringane i regelverket.