UDI legg om saksbehandlinga


Frå nyttår legg UDI om saksbehandlinga for at nye søknader om opphald skal kunne bli behandla raskare enn i dag.

Publisert: 15.12.2021

- Frå nyttår skal vi sjå på nye opphaldssaker fortløpande og vurdere om dei kan behandlast direkte, om vi skal kontakte søkjaren viss nokre opplysningar manglar eller om dei må inn i eit anna saksløp, seier avdelingsdirektør Karl Erik Sjøholt.

Dette vil gjelde for dei fleste sakstypar om opphaldsløyve, men ikkje alle. UDI vil leggje ut meir informasjon om ventetider for dei enkelte sakstypane seinast innan utgangen av februar 2022.

UDI har mange ubehandla saker på grunn av endringa i 2020 som gjer at ein kan ha to statsborgarskap og siste års innreiserestriksjonar på grunn av koronapandemien.

Målet med omlegginga er å arbeide meir effektivt. Viss ei kurant sak blir liggjande for lenge, kan noko av informasjonen springe ut på dato. Då vil saksbehandlinga kunne bli mindre effektiv, og det vil auke pågangen til rettleiingstenesta.

Samtidig som UDI legg om saksløpet for nye opphaldssaker, vil ei overvekt av saksbehandlarane framleis arbeide med dei eldre sakene.

- Men fordi vi no skal sjå på dei nye sakene raskt etter at vi har fått dei, vil dei som allereie har søkt, oppleve at nokre av dei nye søkjarane får raskare svar enn dei sjølv, seier Sjøholt.

Fant du det du lette etter?