UDI inngår avtale om nytt ankomstsenter for asylsøkere i Råde
– Me har god dialog med kommunen, som stiller seg positive til ei slik bruksendring, seier UDI-direktør Frode Forfang.
Dette blir ei heilt ny løysing som vil overta som første innkomststad for asylsøkjarar. Senteret skal tilby overnatting til #nykommen asylsøkjarar nokre få dagar, medan Politiets utlendingseining, PU, gjennomfører ei første registrering av dei. Her vil også den lokale helsetenesta vera til stades med både eit akutthelsetilbod og andre helsetenester som trengst.
– Med denne løysinga får me ei vesentleg betre organisering av innkomstfasen både for asylsøkjarane og for utlendingsforvaltninga, seier Forfang.
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, DSB, hjelper til med etablering og drift av staden i startfasen.