Tre gonger så mange vil bli norsk statsborgar


Då det frå nyttår vart opna for dobbelt statsborgarskap, søkte 26 000 personar om dette i løpet av få månader. Dermed auka køen av søkjarar frå 14 000 til 40 000.

Publisert: 24.06.2020

Dei 26 000 personane som har sendt inn søknad om statsborgarskap i 2020, må dessverre rekne med lang ventetid før dei får svar. Dette kjem av ein kombinasjon av forhold, som koronasituasjonen, forseinkingar i arbeidet med å automatisere saksbehandlinga, den kraftige auken i talet på søknader og lange ventetider hos politiet.

Når søknaden er levert på nettet, må søkjarane først innom politiet for mellom anna å dokumentere ID før UDI kan behandle søknaden. UDI jobbar no saman med politiet for å gjere prosessen enklare for søkjarane. Ei endring som no er gjord, er at ein slår saman to obligatoriske møte hos politiet til eitt, som ein kan gjere samtidig som ein bestiller pass.

UDI gjer sitt beste for å løyse denne situasjonen som no skaper store forseinkingar for dei som ventar på eit norsk pass og retten til å stemme ved neste stortingsval.

UDI forventar å starte opp den automatiske saksbehandlinga av søknader frå nordiske borgarar i august, og deretter andre land frå oktober. Når den automatiske saksbehandlinga først er i gang, vil dei som har ei enkel sak, kunne få raskt svar. ‘Enkel sak' betyr saker som ikkje krev at ein saksbehandlar må inn og vurdere ulike vilkår i søknaden.

Fant du det du lette etter?