Skjerming av Nasjonalt mottakssenter og andre nyoppretta akuttmottak
UDI er no i ein beredskapssituasjon og UDI sentralt har sett krisestab som følgje av situasjonen i Ukraina og mogleg stor flyktningstraum.
I samråd med samarbeidspartnarane våre, reknar UDI det nødvendig å skjerme aktørane og kjernefunksjonen på dei nyoppretta akuttmottaka og Nasjonalt mottakssenteret frå eksterne aktivitetar.
- Eksterne besøk/synfaringar til mottakssenteret må utsetjast inntil vidare, med mindre det er snakk om aktivitetar og besøk som er viktige for kjerneoppgåvene på mottakssenteret.
- Førespurnader om innkomstane skal rettast til UDI sentralt.
- Registrerte innreisetal blir oppdatert dagleg på udi.no.