Auke i assisterte returar i august


Utbruddet av covid-19 har gjort at færre har reist frå Noreg gjennom assistert retur i 2020. Men i august reiste fleire personar gjennom ordninga enn i nokon annan månad så langt i år.

Publisert: 02.09.2020 - Sist endret: 25.09.2020

Det viser tal frå Utlendingsdirektoratet (UDI).

Mens berre totalt 13 personar drog i tidsrommet mars til juli, reiste 26 assistert til heimlandet berre i august.

Så langt i år er det 70 personar som har reist gjennom ordninga.

Grep som verkar 

– Dette viser at tiltaka som er sette i verk etter covid-19-ubruddet, har gjort det enklare å kunne dra heim og starte opp igjen eit nytt liv i heimlandet, seier fungerande seksjonssjef i UDI, Vibeke Jørgensen.

Samtidig som dei reisande blir utstyrte og blir lærte opp i bruken av ansiktsmaske og antibac, er det sett i verk større tiltak som covid-test og karanteneløysingar i heimlandet. Alle desse utgiftene blir dekte for dei som reiser.

Dei som reiser heim assistert får støtte til å etablere seg i heimlandet. Dei får også dekt reiseutgiftene.

Færre dei siste åra

For norske styresmakter er det viktig å få fleire assisterte returar med økonomisk støtte, i staden for at personar lever ulovleg i Noreg.

– Dette er den beste løysinga for dei med endeleg avslag på søknaden om beskyttelse (asyl), seier Jørgensen.

Blir ein sendt heim med tvang av politiet, pådrar ein seg gjeld til norske styresmakter tilsvarande det uttransporteringa kostar.

Samtidig som færre har søkt asyl i Noreg dei siste åra, har det også vore gjennomført færre assisterte returar. Mens det i 2016 returnerte 1 455 personar assistert, var det i 2019 213 personar som drog ved hjelp av denne ordninga.

Fant du det du lette etter?