Nytt asylmottak i Kirkenes
Asylmottaket vil sikra at UDI har mottakskapasitet nær grensestasjonen på Storskog og mot Russland. Det skal bidra til ein føreseieleg og langsiktig beredskap knytt til Schengens yttergrense. Det skal i tillegg inngå som ein del av UDI sine ordinære mottaksplassar.
– Etter at me lyste ut dette innkjøpet i mars, har det vore ein sterk konkurranse mellom to gode aktørar for å få tildelinga. No ser me fram mot å få mottaket på plass, med mål om oppstart i november, seier UDI sin regionsdirektør, Veronica Mikkelborg.
Mottaket skal innkvartera inntil 150 bebuarar. Det skal bestå av to delar; ein hovuddel med 135 ordinære plassar og ein del med 15 skilde innkomstplassar. Formålet med desse skilde plassane er å sikra rask innkvartering ved asylinnreiser over dei nærliggjande grenseovergangane.
For desse asylsøkjarane er mottaket første tilhaldsstad i Noreg. Mottaket skal kunna ta imot nykomne asylsøkjarar over nærliggjande grenseovergangar heile døgnet, alle dagane i år.
I ein situasjon med høge innkomstar over dei nærliggjande grenseovergangane, kan også dei ordinære plassane på mottaket bli omdisponerte til å kunna innkvartera nykomne asylsøkjarar.