Må skaffa fleire mottaksplassar og auka busetjingstakten


UDI må no auka mottakskapasiteten med nærare 3 000 plassar som følgje av høge innkomstar av ukrainske flyktningar. Samtidig varslar Imdi at dette medfører at busetjingstakten også må trappast opp.

Publisert: 11.10.2023

Sidan krigen braut ut, har det komme over 63 000 flyktningar frå Ukraina til Noreg. 51 000 av dei er allereie busette eller på veg til å bli busette i ein kommune.  

Over 1000 innkomstar i veka

Den siste månaden har det vore sterkt aukande innkomstar med godt over 1000 fordrivne frå Ukraina kvar einaste veke. To tredelar av flyktningane blir antekne å komma direkte frå Ukraina, mens om lag ein tredel har hatt opphald i eit anna europeisk land før dei kom til Noreg.

– Noreg er det landet i Norden med klart flest innkomstar av flyktningar frå Ukraina, og dei siste fire vekene har rundt 60 prosent av alle ukrainarar som har komme til Norden, søkt seg til Noreg, opplyser direktør i Utlendingsdirektoratet (UDI), Frode Forfang.

Treng nærare 3000 ekstra mottaksplassar

Auka innkomstar gjer at belegget på Nasjonalt mottakssenter på Råde er høgt, og UDI følgjer situasjonen tett. Samtidig blir det sett inn tiltak for å auka mottakskapasiteten.

– Som ein konsekvens av dei auka innkomstane vil me no oppretta mellom 2 500 og 3 000 ekstra plassar innan kort tid. Det vil bli etablert nokre nye akuttinnkvarteringar i tillegg til at me utset planane om å leggja ned enkelte eksisterande akuttinnkvarteringar. Det kan også bli ytterlegare behov for ein auke i talet på plassar ganske raskt dersom innkomstane held seg på dagens nivå, opplyser UDI-direktøren.

Høgare busetjingstakt

– Kommunane i landet har lagt ned ein formidabel innsats og har busett svært mange ukrainske flyktningar på kort tid. Som følgje av auka innkomstar må busetjingstakten ytterlegare opp viss vi skal forhindra at fleire blir verande lengere i mottak, seier direktør i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi), Libe Rieber-Mohn.

Nasjonalt utval for mottak og busetjing av flyktningar har sett eit førebels anslag på behov for busetjing av 35 000 flyktningar for 2024. Men dette talet kan bli både høgare eller lågare avhengig av talet som kjem framover.  Eit endeleg måltal vil bli fastsett i november.

Overgang til arbeid er viktig

Det er framleis mange ukrainarar som kom i 2022 og i første halvdel av 2023, som deltek i introduksjonsprogram.  I løpet av hausten vil mange vera ferdige med introduksjonsprogram og skal ut i jobb.

– Det har aldri tidlegare vorte busett så mange flyktningar på så kort tid i Noreg. Men å bli busett er berre starten på integreringsjobben.  Skal vi lykkast med integrering av så mange så raskt, er vi avhengig av at flest mogleg kjem ut i arbeid. Slik blir ein økonomisk sjølvstendig og slik lærer ein seg norsk.  Det er bra for kvar enkelt og for samfunnet, seier Libe Rieber-Mohn, direktør i Imdi.

Fant du det du lette etter?