Kuttar støtte til å bu privat og til kjæledyrhald på mottak
Innstrammingane inneber at det framover ikkje vil vere mogleg for nyankomne å bu med kjæledyr på Nasjonalt ankomstsenter i Råde eller i asylmottak. Denne endringa vil ikkje gjelde dei som bur på mottak med sine kjæledyr i dag, mens dei ventar på å bli busette.
Formålet med innstrammingane er blant anna å få tilbodet og ytingsnivået nærare nivået i dei andre nordiske landa.
– Regjeringa meiner vi må stramme inn på tilbodet og ytingsnivået for å sikre kontroll på flyktningstraumen. Vi må unngå at presset på kommunane blir så høgt at støtta til å hjelpe Ukraina kan bli utfordra, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp).
Endringane trer i kraft frå og med 15. februar 2024.
Les meir om innstrammingane her (eksternt nettsted).