Handtering av flyktningar med spesielle behov


Ein del av flyktningane som kjem frå Ukraina har spesielle behov for helsehjelp. Det er helsetenesta i kommunane som har ansvar for å følgje opp slike behov.

Publisert: 12.04.2022

UDI får for tida mange førespurnader om korleis vi handterer flyktningar med spesielle behov, og korleis det blir sikra at dei får eit godt nok helsetilbod der dei kjem.

UDI jobbar etter det som blir kalla sektoransvarsprinsippet. Det betyr at den sektoren som har ansvar for helse, tryggleik, skule osb. for innbyggjarane i kommunen, har det same ansvaret overfor mottaksbebuarane i kommunen sin. UDI stiller krav til driftsoperatørane våre om at dei legg til rette for at dei som har behov for helsehjelp, får den hjelpa dei har behov for av spesialist- eller kommunehelsetenesta.

Det er ein kontaktperson hos UDI som følgjer opp det enkelte mottaket. UDI har også møte med kommunane og mottaka, slik at ansvaret til kommunen og UDI sitt ansvar blir diskutert og klarlagd. Alle kommunane som har asylmottak, får tilskot frå UDI for å kompensere for dei kommunale tenestene som bebuarane har rett på.

I tillegg stiller UDI krav til alle akuttinnkvarteringar om at dei må varsle UDI dersom dei oppdagar sårbare personar eller grupper. På denne måten kan vi samarbeide rundt igangsetjing av særskilde tiltak.

Skal leggje til rette

UDI stiller krav til driftsoperatørane for asylmottak om å leggje butilbodet til rette for sårbare grupper. Det betyr også at dei må samarbeide med helsestyresmakter for å sikre at alle som har behov for det har tilgang til helsetenester.

Når UDI får beskjed frå helsetenestene i ein kommune om at ein av asylsøkjarane /eller familie har behov for oppfølging, så sørgjer vi for at det nye mottaket får denne informasjonen, og kan følgje opp med kommunen.

Mange innkomstar

På grunn av veldig mange innkomstar er det nokre gonger utfordrande å identifisere personar med spesielle behov i innreisetalsfasen. Dei med størst behov for oppfølging blir prioriterte for rask flytting vidare frå mottakssenteret til andre mottak. UDI har personell med helsefagleg bakgrunn som tek ei vurdering av tilretteleggingsbehov for kvar enkelt bebuar i mottak, og eventuelt inngår dialog med helsetenester for å sikre god oppfølging.

Akuttinnkvartering og bemanning

Dei aller fleste ukrainarane som kjem til Noreg og som har behov for innkvartering, bur no i det vi kallar «Akuttinnkvarteringar». Dette er asylmottak, men med kortare kontraktar og enkelte andre krav til drift enn «Ordinære mottak». Ein av forskjellane er at akuttinnkvarteringane er døgnbemanna, i motsetning til ordinære mottak.

Nokre gonger er det formålstenleg å flytte enkelte til eit etablert mottak, med ein erfaren driftsoperatør, men der det ikkje er døgnbemanning. I andre tilfelle kan det vere andre vurderingar som blir gjorde. Dersom mottaka meiner det er behov for forsterka bemanning, har dei høve til å søkje om midlar til dette frå UDI.

Det er fleire barn med funksjonsnedsetjingar ved ordinære mottak der det ikkje er døgnbemanning eller bemanning i helgane. Det er også slik at ordinære mottak ikkje har døgnbemanning, men har høgare bemanning med sterk kompetanse og erfarne driftsoperatørar som sikrar god oppfølging av desse bebuarane. Dersom det er behov for å auke bemanning, inkludert om helgane, så gjer vi det gjennom igangsetjing av ekstraordinære tiltak i mottak.

UDI gjer konkrete vurderingar i desse sakene, og driftsoperatørane har dialog med kommunane, slik at dei tek det ansvaret dei har for å følgje opp barn og andre med behov for helse- og eventuelt omsorgstenester. Asylsøkjarbarn har fulle helse- og omsorgsrettar.

Fant du det du lette etter?