Norge evakuerte 860 afghanarar
676 afghanarar har fått status som overføringsflyktningar etter innspel frå Utanriksdepartementet og Forsvarsdepartementet. Innanfor denne gruppa er det følgjande hovudkategoriar:
- Lokalt tilsette ved ambassaden med familiar: 63
- Personar knytte til Forsvaret med familiar: 513
- Barn utan foreldre: 28
- Menneskeretts- og sivilsamfunnsforkjemparar: 72
I den første og siste kategorien er det 46 personar til som ikkje har komme til Noreg. Dei er anten i Afghanistan eller i andre land.
Utover desse kategoriane vart det evakuert rundt 150 afghanarar som har ein familierelasjon til norske statsborgarar. I tillegg er det 30 afghanarar som hadde ulike opphaldsløyve frå før av, viser førebelse tal frå UDI.
I tillegg til dei 28 barna utan foreldre, inkluderer totaltala vel 400 barn i barnefamiliar.