Endringar i regelverket for fordrivne ukrainarar


Justis- og beredskapsdepartementet innfører no ei rekkje endringar i regelverket for fordrivne ukrainarar.

Publisert: 07.12.2023

Departementet skriv følgjande i si eiga pressemelding:

"Dei siste vekene har rundt 60 prosent av alle ukrainarar som kjem til eit nordisk land, komme til Noreg. Når så mange kjem til Noreg i løpet av kort tid, set dette kapasiteten i alle ledd under press. Asylsøkjarar må også rekna med å måtta bu lenger i mottak i tida framover. Det kan på sikt bli nødvendig med alternativ innkvartering i mottak, i buløysingar med lågare standard enn det som er vanleg i dag."

– Regjeringa set no i verk nokre tiltak som me i sum håpar vil jamna ut innkomstnivået med nabolanda våre. Tiltaka har mellom anna til formål å bidra til eit meir berekraftig nivå på innkomstane, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp).

Tiltaka

  • Regjeringa vil kutta ordninga med etterbetaling av barnetrygd for flyktningar som har fått mellombels kollektivt vern.
  • Det blir stramma inn på høvet til å reisa fram og tilbake mellom Ukraina og Noreg for personar med mellombels kollektivt vern i Noreg.
  • Det vil ikkje lenger tilbydast innkvartering eller transport til fordrivne ukrainarar som har reist til andre delar av landet. Personar med behov for innkvartering i asylmottak må venda seg til politiet og UDI ved Nasjonalt mottakssenter i Råde kommune.
  • Det vil ikkje lenger bli tilrettelagt for innkvartering i hotell og liknande for personar som vel å reisa til ein annan stad enn Nasjonalt ankomstsenter. I tillegg blir det stramma inn på bruken av hotell og liknande som asylmottak. Regjeringa vil også informera aktivt om at det er krav om butid i Noreg for flyktningar for å kunna få tilgang til ei rekkje ytingar gjennom folketrygda.

Her kan du lesa pressemeldinga frå Justis- og beredskapsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet (eksternt nettsted).

Fant du det du lette etter?