Byggjer ned kapasiteten


UDI er no i gang med å redusere talet på akuttinnkvarteringsplassar som vart oppretta, etter at det kom store innkomstar frå Ukraina i løpet av kort tid. Årsaka er at UDI no har mange ledige mottaksplassar.

Publisert: 30.06.2022

Den siste tida har innkomstane frå Ukraina vore lågare. Mange ukrainarar har dessutan familie og venner i Noreg og ønskjer derfor å bu saman med desse privat. I tillegg har også takten på busetjing auka. Til saman gir dette behov for færre plassar i akuttinnkvartering.   

I akuttinnkvartering hadde UDI på slutten av juni ca. 16 500 plassar, og om lag 5 500 bebuarar. 

Det var per 28. juni 2022 stadfesta oppseiing på 3 900 plassar. UDI må uansett til kvar tid ha eit gitt talet på fleire plassar enn det som er det estimerte behovet. Dette for å ha ein buffer som kan gi oss rom og tid til å inngå kontraktar med nye mottak i samsvar med rammeavtalane som UDI har inngått med leverandørar over heile landet. 

UDI har som mål å minimere dei negative konsekvensane for bebuarane så mykje som mogleg. Vi vil så langt det lèt seg gjere leggje til rette for at dei slepp å måtte flytte fleire gonger, over lengre avstandar eller må flytte langt frå busetjingskommunen. 

Trass i dette, er det ikkje til å unngå at mange av bebuarane blir nøydde til å flytte frå ei innkvartering til ein annan, og at dette kan opplevast negativt. UDI har likevel gode rutinar for flytting av bebuarar. I arbeidet med flytting og nedbygging vil vi ta særleg omsyn til barnefamiliar og personar med spesielle behov.  

Dei første innkvarteringane, som UDI har sagt opp etter at den uoppseielege perioden er utgått, blir lagt ned allereie i starten av juli, og enkelte akuttinnkvarteringar er allereie lagde ned. Deretter vil vi gjennom sommaren og hausten seie opp eit stort tal plassar for å tilpasse kapasiteten til aktuelt og forventa belegg. Kapasiteten skal i løpet av hausten ned til om lag 5 000 plassar gitt at prognosane vi planlegg etter kjem til å slå til. 

UDI vil som hovudregel seie opp akuttinnkvarteringar i same rekkjefølgje som dei vart etablerte. Dette fordi dei fleste akuttinnkvarteringar har ein tre månaders garanterte driftsperiode – med ein følgjande tre vekers oppseiingsperiode etter utløp av den garanterte driftsperioden. UDI kan fråvike denne rekkjefølgja om det er nødvendig for å ta omsyn til effektiv busetjing og varetaking av bebuarane.

Fant du det du lette etter?