Innkjøp av mellombelse akuttinnkvarteringar
Derfor lyser UDI ut anbodskonkurranse om etablering av mellombelse akuttinnkvarteringar i heile landet. UDI har behov for fleksibilitet når det gjeld talet på plassar som kan bli etablert gjennom denne konkurransen og talet som blir etterspurt er derfor i eit spenn på mellom 2 000 og 25 000 plassar.
Konkurransen er kunngjord på doffin.no (eksternt nettsted) og mercell.com (eksternt nettsted), og leverandørar blir bedne levere tilbod via leverandørportalen Mercell. Frist for å levere tilbod er 18. mars 2022, kl. 12:00.
UDI førebur også konkurransar for ordinære mottak og mottak for einslege mindreårige.