Anbod integreringsmottak i Steinkjer
Dagens kontrakt går ut mai neste år. Den nye kontrakten vil også gjelde drift av eit integreringsmottak i Steinkjer kommune. Grunnen til at det framleis skal liggje i same kommune, er at det er fleire regionale partnarar som samarbeider om integreringsarbeidet for bebuarane i mottaket. UDI har også eit integreringsmottak i Kristiansand.
UDI har tidlegare inngått rammeavtalar om drift av basismottak med fem aktørar i region Midt-Noreg. Det er desse fem som no har blitt invitert til å levere anbod om å drive eit mottak med 150 plassar.
Dei fem er Link AS, Stiftelsen Sana, Hero Noreg AS, Levanger kommune og Steinkjer kommune.
Tildeling av kontrakt vil først skje i februar neste år og planlagd oppstart er 1. mai.