Fleire overføringsflyktningar enn asylsøkjarar i 2019


For første gang på 20 år kom det i fjor fleire overføringsflyktningar (kvoteflyktningar) til Noreg enn asylsøkjarar. Det styrker trenden frå 2018 der talet på overføringsflyktningar oversteig talet på innvilga asylsøknadar.

Published: 23.01.2020

– Fordelen med overføringsflyktningar er at dei i motsetning til asylsøkjarar, kjem i regulerte former og ikkje treng å nytte seg av menneskesmuglarar eller å reise på ein farleg måte, seier UDI-direktør Frode Forfang.

Dessutan kjem gjerne kjernefamiliar samla når UDI vel ut overføringsflyktningar, slik at talet på familiemedlemmer som blir gjenforeina i etterkant, er langt lågare enn hos asylsøkjarar som får opphald.

I år skal Noreg hente 3 000 overføringsflyktningar – 800 syrarar, 1 250 kongolesarar og 800 personar som blir evakuerte frå Libya til Rwanda og Romania. I tillegg er det 150 opne plassar.

Sjå presentasjon frå pressekonferansen 23. januar 2020.

Sist gang under krigen på Balkan

Sist gang det kom fleire overføringsflyktningar enn asylsøkjarar var i 1999, då Noreg henta 6 092 kosovoflyktningar frå krigen på Balkan, og det samla talet overføringsflyktningar vart 7 572.

Det er Stortinget som kvart år avgjer kor mange overføringsflyktninger Noreg skal ta imot. Det varierte lenge mellom 1 000 og 1 500 personar, men frå 2015 har talet lege på mellom 2 000 og 3 000 årleg.

Trenden dei siste åra er at talet på asylsøkjarar har sokke. Dei siste åra før 2015 kom det mellom 9 000 og 12 000 asylsøkjarar årleg. Etter «rekordåret» 2015 har talet sokke jamt til under 3 000 personar dei siste åra.

Ein graf som viser utviklinga i beskyttelse til asylsøkjararar og overføringsflyktningar som beskrive over.

 

Hvem kom i fjor?

I fjor kom det 2 305 asylsøkjarar. Nokre søknader blir behandla same år, mens andre nødvendigvis må bli behandla året etter. I fjor behandla UDI 2 937 asylsøknader og ga 1 789 personer opphald. Til saman ga UDI og Utlendingsnemnda (UNE) opphald til 2 019 personar i fjor.

Til samanlikning kom det 2 804 overføringsflyktningar til Noreg i fjor. På grunn av tryggingssituasjonen i Libya blir nokre frå kvoten i fjor på 3 000 personar først teke ut i år.

Frå land utanfor EU/EØS kom det likevel flest personar i kategorien familiegjenforeining (11 622) til Noreg i fjor, deretter folk som ville arbeide i Noreg (6 803), ta utdanning (5 616) og flyktningar (til saman 4 823).

Blant dei som kom på familiegjenforeining, blei flest gjenforeina med ein norsk eller nordisk statsborgar (3 670 personar), deretter med ein person med arbeidsløyve (3 564) og ein flyktning (1 401).

Eit diagram som viser først gangs opphaldstillatelser i 2019, EØS ikkje inkludert. Beskyttelse 18 prosent, utdanning 19 prosent, arbeid unnteke sesongarbeid 23 prosent, familie 40 prosent.

Did you find what you were looking for?