UDI i digital finale


Automatiseringsløysinga for statsborgarskapssaker er ein av tre kandidatar til digitaliseringsprisen som skal delast ut på Digitaliseringskonferansen på Gardermoen 22. august.

Published: 17.08.2022

Ved å få søknaden automatisk behandla har tusenvis av nye, norske statsborgarar fått vedtaket sitt fleire månader raskare enn dei ville ha gjort tidlegare. UDIs saksbehandlarar har på si side fått meir tid til å fokusere på dei meir komplekse sakene.

UDI og utlendingsforvaltninga vil halde fram med å modernisere IT-systema for endå betre tilrettelagde tenester og kortare ventetid innan fleire saksområde.

Dei to andre nominerte til digitaliseringsprisen i regi av Digitaliseringsdirektoratet (eksternt nettsted), er Forsvaret sin «Min side»-løysing, og TISK IKT eit digitaliseringssamarbeid for å handtere pandemien.

Did you find what you were looking for?