Overførte frå Moldova har komme til Noreg


Laurdag 21. mai kom 14 personar til som er overførte frå Moldova og som skal søkje mellombels kollektiv beskyttelse i Noreg.

Published: 23.05.2022

Dette er personar som var blant dei som frå før hadde signalisert interesse for å bli overført til Noreg, etter at UDI fekk liste på berre nokre få kandidatar som kan få kollektiv beskyttelse. (eksternt nettsted)

Dei kom til Oslo lufthamn Gardermoen med rutefly, og er no mellombels innkvartert i mottak. UDI har ikkje høve til å dele fleire detaljar om dei nykomne eller formidle kontakt med media. 

Neste overføring 

Listene UDI får over aktuelle kandidatar frå UNHCR, er framleis påverka av det krevjande arbeidet med å nå ut til ukrainarar som i dag er i tryggleik i Moldova og i stor grad bur hos vertsfamiliar. EUAA, EU sitt asylbyrå, har fått i oppdrag å lage ytterlegare informasjonsmateriale som skal brukast i Moldova. 

Kapasiteten i Moldova er rundt to overføringar per veke, og dette er ein kapasitet som også blir nytta av dei andre land. Det er ikkje avklart eit tidspunkt for neste overføring til Noreg, men vi planlegg for at ho skal kunne gjennomførast i veke 23. 

Europeiske land har tilbode i underkant av 20 000 plassar for overføring frå Moldova, og det var per 13. mai overført totalt 1 340 personar.

Did you find what you were looking for?