Ny rapport viser at ukrainske flyktningar kjenner seg godt teke imot


Ei fersk undersøking viser at ukrainske flyktningar i Noreg generelt er fornøgde og takksame for korleis dei har blitt tekne imot. Fleire ønskjer også å bli i Noreg.

Published: 01.11.2022

Måndag 31. oktober passerte Noreg 31 430 ukrainske flyktningar. Og det blir planlagt for at totaltalet kan bli 70 000 innan utgangen av neste år, sjølv om dette er høgst usikre tal.

Nyleg blei det gjennomført ein studie om korleis desse flyktningane har blitt tekne imot i Noreg. Det er innhenta informasjon frå ukrainske flyktningar, og dessutan gjort intervju med personell som har vore i nær kontakt med ukrainske flyktningar etter framkomst.

Takknemlege

Undersøkelsen, som er gjennomført av By- og regionsforskingsinstituttet NIBR ved Oslomet, på oppdrag av Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) og Utlendingsdirektoratet (UDI), blei publisert 31. oktober.

Undersøkinga viser at flyktningane er svært takkmelege for å ha komme til Noreg og opplever stort sett å ha vorte godt teke imot.

– Ukrainarane sine eigne erfaringar og opplevingar når dei kjem til Noreg er viktig for oss. Vi må lære av korleis denne flyktningkrisa blir handtert. Kunnskapen denne undersøkinga gir, vil hjelpe alle involverte aktørar og aller viktigast: alle dei som skal komme, seier direktør i Imdi Libe Rieber-Mohn.

Utfordringar

Samtidig er det enkelte forbetringspunkt. Desse blir knytte særleg til utfordringar med å nå alle med forståeleg og oppdatert informasjon. Meir enn 70 prosent av flyktningane har opplevd vanskar med å finne fram til rett informasjon.

Dei fleste som har blitt spurt trur dessutan at opphaldet deira i Noreg vil bli langvarig, og 26 prosent svarte at dei ønskjer å returnere til Ukraina så snart krigen er over. Nesten alle respondentane i undersøkinga oppgir dei ønskjer å delta i introduksjonsprogrammet og lære norsk, for å kunne starte integreringa i det norske samfunnet.

– Verdifull informasjon

Direktør i UDI, Frode Forfang, påpeikar at den nye NIBR-rapporten vil vere ei god kjelde til både innsikt og utvikling. – Denne verdifulle informasjonen skal vi ta i bruk i fortsetjinga, slik at alle som kjem blir teke imot og handtert vidare på ein god og effektiv måte, seier UDI-direktøren.

Did you find what you were looking for?