Avtalar for drift av ordinære mottak


UDI har inngått 17 avtalar med åtte ulike aktørar, for drift av ordinære mottak. Dei ordinære mottaka erstattar dei kortvarige akuttilboda som blei oppretta i vår.

Published: 06.09.2022

– Alle som kjem til Noreg som flyktning skal få tilbod om mottaksplass, mens dei ventar på å bli busette i ein kommune, seier direktør for Mottak og retur Borghild Fløtre. Innkomstane har i ein periode vore løyste ved å opprette akuttmottak. Desse akuttmottaka er vi no i prosess med å avvikle, og vi opprettar ordinære mottak for å tilpasse innkomstane vi ser no og framover.

Planleggingsprognosen for talet på asylsøkjarar frå Ukraina til Noreg i 2022 er justert opp frå 32 000 til 37 000. Til no har det komme nesten 26 000 menneske frå Ukraina. Det kom svært til mange flyktningar i den første perioden etter krigsutbrotet, i mars og april. Vi registrerte deretter ein klar reduksjon i innreisetal i vår og sommar. I august månad har vi igjen sett ein auke i innreisetalet av asylsøkjarar, både frå Ukraina og frå andre land. Det bur i dag over 6.000 ukrainske flyktningar i akuttinnkvarteringar og andre asylmottak i Noreg, og i overkant av 9.000 asylsøkjarar i asylmottak totalt.

UDI er fornøgd med at det var konkurranse om avtalane i denne minikonkurransen. Vi fekk inn totalt 25 tilbud fra 9 forskjellige tilbydarar. Flere av tilbydarane leverte tilbod i flere regionar.

Kriteria for tildelinga var pris, bemanning, bygningsmasse og tilbodne opsjonar. Kontraktslengda er på 3+1+1 år. Det er 4 månader gjensidig oppseiing, og avtalane kan tidlegast seiast opp 8 månader etter signering.

17 aktørar har fått tildelt avtale om mottaksdrift med UDI:

Region Nord

  • Nesna – driftsoperatør Nesna kommune
  • Kvæfjord – driftsoperatør Kvæfjord Eiendom AS
  • Storslett  – driftsoperatør Hero Norge AS

Region Indre Østland

  • Sel (Rondeslottet) – driftsoperatør Ostra Consult AS
  • Engerdal – driftsoperatør Engerdal kommune
  • Kongsvinger – driftsoperatør Sana Mottaksdrift AS
  • Hovelåsen – driftsoperatør Hero Norge AS
  • Vang – driftsoperatør Hero Norge AS

Region Midt-Norge

  • Sunndal – driftsoperatør Hero Norge AS
  • Søre Sunnmøre – driftsoperatør Link AS

Region Vest

  • Hå – driftsoperatør Hero Norge AS
  • Stord – driftsoperatør Hero Norge AS

Region Sør

  • Lista (Farsund) – driftsoperatør Hero Norge AS
  • Solsiden (Lyngdal) – driftsoperatør Hero Norge AS
  • Kristiansand – driftsoperatør Kristiansand kommune
  • Larvik – driftsoperatør Sana Mottaksdrift AS
  • Porsgrunn – driftsoperatør Sana Mottaksdrift AS

Did you find what you were looking for?