Særbol-mottak blir etablert i Gratangen og Nannestad


Måndag 11. mars tildelte UDI kontrakt for drift av to særbol-mottak til Stendi AS. Mottaka blir oppretta i kommunane Gratangen og Nannestad

Published: 18.03.2019

Særbol står for særskilde bu- og omsorgsløysingar, og er UDIs butilbod for asylsøkjarar med særskilde behov og som har hatt episodar med truslar og utagerande åtferd i ordinære mottak. Tre tilbydarar var kvalifiserte i anbodskonkurransen, og Stendi AS (tidlegare Aleris) leverte vinnartilbodet.

– Vi vurderte tilbodet frå Stendi som det beste både fagleg og tryggingsmessig, seier Belén V. Birkenes, regionsdirektør i UDI Vest.

Særbol-mottaka skal etablerast i Nannestad og Gratangen. UDI har vore i dialog med dei aktuelle politidistrikta og kommunane undervegs i prosessen.

– Vi har hatt ein positiv dialog med vertskommunane, og legg opp til tett kontakt vidare med både kommunane, politiet, lokalsamfunnet og andre aktørar, seier Birkenes.

Bebuarar kan flytte inn i Nannestad og Gratangen før påske.

Did you find what you were looking for?