Koronaviruset krympa innreisa til Noreg
Please note that not all the content on this page is available in English.
I 2019 søkte 188 543 personar om visum for å besøkje Noreg. Fasiten for 2020 er 18 874 personar, ein nedgang på heile 90 prosent.
Når det gjeld arbeidsinnvandring frå land utanfor EU/EØS fall talet på søknader med 25 prosent frå 9 200 i 2019 til 6 900 i fjor. Talet på EØS-borgarar som registrerte seg første gong for å arbeide i Noreg fall frå over 19 000 i 2019 til om lag 13 000 i fjor.
– Fjoråret starta normalt, men så fall talet på søknader om arbeidsløyve då Noreg stengde ned i mars. Frå sommaren auka talet og i desember kom det fleire søknader i samband med brexit, seier UDI-direktør Frode Forfang.
Familieinnvandringa frå EU/EØS gjekk ned frå 5 550 førstegongsregistreringar til 4 000 i fjor. Frå land utanfor Europa viser talet på innvilga familieløyve ein tilsvarande nedgang.
Talet på asylsøkjarar fall med 40 prosent – frå 2 305 til 1 386.
UDI fatta om lag tusen færre vedtak om utvisning i fjor, ned frå 2 900 i 2019, mens politiet fatta langt fleire bortvisingsvedtak på grunn av dei spesielle innreiserestriksjonane i koronaåret 2020. Talet på bortviste auka frå nesten 1 700 i 2019, til 8 400 i 2020.