Integreringsmottaket i Larvik blir avvikla


Stadig færre asylsøkjarar gjer at det er vanskeleg å fylle opp plassane i integreringsmottaka. Derfor fornyar ikkje UDI avtalen om drift av mottaket i Larvik.

Published: 03.09.2019

Kontrakten med Larvik asylmottak går ut 31. oktober. Den nåverande driftsavtalen med Larvik asylmottak har 75 plassar i integreringsmottaket og 75 plassar i eit ordinært mottak. Alle desse plassane vil bli avvikla, og UDI vil ikkje lyse ut nokon ny anbodskonkurranse for dei, sidan det ikkje er behov for dette. 

– Vi har hatt eit godt samarbeid med mottaket og alle involverte, men når det kjem så få asylsøkjarar til landet, er det ikkje økonomisk forsvarleg å la plassar stå tomme, seier fungerande avdelingsdirektør Borghild Fløtre i UDI. UDI har hatt eit godt samarbeid med kommuneadministrasjon, lokalmiljø og frivillige organisasjonar i Larvik.

Integreringsmottak er ei prøveordning som starta opp i fem asylmottak hausten 2016. Desse mottaka er eit samarbeid mellom IMDi, Kompetanse Norge, NAV, UDI og kvar enkelt kommune. Frivillige organisasjonar og det lokale næringsliv er også viktige samarbeidspartnarar. Ordninga er eit tilbod for personar med innvilga opphald i Noreg, men som ikkje er busett enno, og for asylsøkjarar med gode sjansar for å få opphald i Noreg.

UDI har dei siste åra måtta avvikle ei rekkje mottak fordi det kjem så få asylsøkjarar til Noreg. Avviklinga i Larvik gjer at ein går frå fire til tre intergeringsmottak på landsbasis. Integreringsmottaket på Ila i Oslo blei avslutta mars 2018.

Did you find what you were looking for?