Informasjon om au pair-saka


UDI har komme klagen i møte og oppheva avslaget til au pairen hos familien Kallmyr. Ho har no løyve til å vere au pair i Noreg.

Published: 11.06.2019

Det opphavlege avslaget blei gitt på bakgrunn av opplysningar au pairen gav i søknaden, som vi tolka som om opphaldet hadde eit anna formål enn kulturutveksling, og at det blei jobba før søknad var levert hos politiet. I klagesaka har det komme fram nyanseringar og nye opplysningar.

Ikkje lenger grunnlag for avslag

Det er framleis slik at au pairen ikkje har følgt reglane ved byte av vertsfamilie, men UDI vurderer no at dette er av mindre alvorleg karakter. UDI meiner mellom anna at det ikkje er sannsynsovervekt for at ho i det vesentlege har utført oppgåver som au pair for familien Kallmyr før fullstendig søknad var levert hos politiet. Det er derfor ikkje lenger grunnlag for avslag.

Ved eit avslag blir det gitt tre vekers frist til å reise ut av Noreg. Dersom ein klagar, kan ein be om utsett iverksetjing for å kunne bli i Noreg til klaga er ferdig behandla. Nokon vil ha rett på dette, medan UDI i alle andre tilfelle må vurdere individuelt om det skal bli gitt utsett iverksetjing. I denne saka ville au pairen hatt rett til utsett iverksetjing. Det betyr at ho kunne vore i Noreg og utført oppgåver som au pair medan klaga vart behandla.

Avslagsbrevet kom i retur

Eit uheldig omstende i denne saka var at avslaget av ukjend årsak ikkje kom fram til au pairen på den oppgitte adressa, men kom i retur til UDI etter at klagefristen gjekk ut. Ho blei kjend med avslaget ved eit oppmøte hos politiet dagen før utreisefristen, og valde å reise ut omgåande.

På bakgrunn av det opphavlege avslaget fekk ho også rutinemessig varsel om at UDI vurderte ei utvisingssak. Ho er altså ikkje utvist frå Noreg, og denne delen av saka er også avslutta.   

Korfor søknaden må bli levert hos politiet

Eit spørsmål som har komme opp, er korfor ikkje au pairen kan begynne sitt verke så snart den elektroniske søknaden er levert og gebyret betalt. Årsaka til at ein må levere fullstendig søknad hos politiet, er at norske styresmakter ønskjer å kontrollere at utlendingar som får løyve til å vere i Noreg på gitte vilkår, ikkje omgår regelverket. Dette er regulert i utlendingsforskrifta (§4-22) (eksternt nettsted). Eit anna formål med oppmøtet er å sikre at den nye familien ikkje har nokon hefte frå tidlegare forhold, innhaldet i kontrakten, at dei kjenner føresetnadene for au pair-løyvet og har gjennomført e-læringskurset for vertsforeldre

Når startar ei kulturutveksling?

UDI meiner det ikkje er i samsvar med regelverket å flytte inn hos ny vertsfamilie før fullstendig søknad er levert hos politiet, særleg fordi grensa for kva oppgåver som kan karakteriserast å liggje innanfor alminneleg høflegheit når ein er gjest i ein heim og kva for nokre av dei som går meir over i reine au pair-oppgåver, kan vere vanskeleg å trekkje. Samtidig er au pair-ordninga ei kulturutvekslingsordning, og sjølv om au pairen ikkje utfører arbeidsoppgåver som er tillatne innanfor ordninga, er det vanskeleg å seie at ein normal, dagleg kontakt med ein familie ikkje er kulturutveksling. I utlendingsforskriftas §10-25a (eksternt nettsted) heiter det at au pairen kan først bu hos ny vertsfamilie og utføre oppgåver i samsvar med ny kontrakt så snart fullstendig søknad om opphaldsløyve er innlevert.

Informasjon og ventetider

Denne saka har vist at regelverket ved byte av vertsfamilie har blitt feiltolka, og at informasjonspraksis hos eksterne aktørar har bidrege til uklarleik. Det er også reist spørsmål ved om UDI sin eigen informasjon har vore tilstrekkeleg eksplisitt når det gjeld byte av vertsfamilie. Dette vil bli følgt opp.

Ventetida for å få time hos politiet er eit kjent og aukande problem som vedkjem mange utlendingssaker. Dette viser eit behov for å vurdere regelverket rundt dette og alternative praktiske ordningar, i tillegg til kapasiteten til politiet. Dette blir følgt opp i dialog med Politidirektoratet og Justis- og beredskapsdepartementet.

Did you find what you were looking for?