Fleire arbeidstakarar frå India og færre frå EØS-land


Talet på indarar som har fått arbeid i Noreg har meir enn fordobla seg dei siste to åra, mens talet på arbeidstakarar frå EØS-land har gått ned.

Published: 22.01.2019

I fjor kom det 6 196 arbeidstakarar frå land utanfor EØS-området til Noreg for å jobba i norske verksemder, viser ferske årstal frå UDI. Det er det høgaste talet dei siste ti åra, og 797 fleire enn i 2017.

- Tala våre viser ein trend der norske bedrifter tilset stadig meir kvalifisert arbeidskraft frå land utanfor EØS, medan talet EØS-borgarar som kjem til Noreg for å arbeida, går ned, seier UDI-direktør Frode Forfang.

Det er ikkje tilgang til å henta ufaglært arbeidskraft utanfor EØS, med unntak av sesongarbeidarar. 

Flest indarar

Talet på indarar som fekk arbeidsløyve i Noreg i fjor svarer nesten til éin tredel av alle løyve innan kategoriane faglærte og «utsende arbeidstakarar». Det kom i alt 1 901 indarar (31 prosent).

Dei neste landa på lista er USA med 506 personar, Serbia (435) og Filippinane (299).

Færre europearar

Samtidig går talet EØS-borgarar som ønskjer å arbeida i Noreg ned. Frå eit toppår i 2010 der 43 227 personar registrerte seg for første gong for å arbeida i Noreg, er talet no nede i 21 195. Berre i fjor var talet på førstegongsregistrerte 1 800 lågare enn i 2017.

Det er særleg talet på arbeidarar frå Polen og Litauen som går ned. Talet på polakkar har i denne perioden gått ned frå 18 097 til 6 994 (- 61 prosent) og talet på litauarar frå 9 405 til 3 244 (- 66 prosent).

Dermed går arbeidsinnvandringa totalt sett ned.

Sesongarbeidere

Talet på sesongarbeidarar frå land utanfor EØS har også stige markant dei siste åra. I fjor kom det 2 905 sesongarbeidarar for å arbeida ein kortare periode i Noreg. Dette er det høgaste talet på ti år.

Innan denne kategorien kjem flest frå Vietnam (1 222) og Ukraina (616).

Relaterte lenker:

Did you find what you were looking for?