Avtalar for drift av ordinære mottak
Please note that not all the content on this page is available in English.
– Alle som kjem til Noreg som flyktning skal få tilbod om mottaksplass, mens dei ventar på å bli busette i ein kommune, seier direktør for Mottak og retur Borghild Fløtre. Innkomstane har i ein periode vore løyste ved å opprette akuttmottak. Desse akuttmottaka er vi no i prosess med å avvikle, og vi opprettar ordinære mottak for å tilpasse innkomstane vi ser no og framover.
Planleggingsprognosen for talet på asylsøkjarar frå Ukraina til Noreg i 2022 er justert opp frå 32 000 til 37 000. Til no har det komme nesten 26 000 menneske frå Ukraina. Det kom svært til mange flyktningar i den første perioden etter krigsutbrotet, i mars og april. Vi registrerte deretter ein klar reduksjon i innreisetal i vår og sommar. I august månad har vi igjen sett ein auke i innreisetalet av asylsøkjarar, både frå Ukraina og frå andre land. Det bur i dag over 6.000 ukrainske flyktningar i akuttinnkvarteringar og andre asylmottak i Noreg, og i overkant av 9.000 asylsøkjarar i asylmottak totalt.
Kriteria for tildelinga var pris, bemanning, bygningsmasse og tilbodne opsjonar. Kontraktslengda er på 3+1+1 år. Det er 4 månader gjensidig oppseiing, og avtalane kan tidlegast seiast opp 8 månader etter signering.
17 aktørar har fått tildelt avtale om mottaksdrift med UDI:
Region Nord
- Nesna – driftsoperatør Nesna kommune
- Kvæfjord – driftsoperatør Kvæfjord Eiendom AS
- Storslett – driftsoperatør Hero Norge AS
Region Indre Østland
- Sel (Rondeslottet) – driftsoperatør Ostra Consult AS
- Engerdal – driftsoperatør Engerdal kommune
- Kongsvinger – driftsoperatør Sana Mottaksdrift AS
- Hovelåsen – driftsoperatør Hero Norge AS
- Vang – driftsoperatør Hero Norge AS
Region Midt-Norge
- Sunndal – driftsoperatør Hero Norge AS
- Søre Sunnmøre – driftsoperatør Link AS
Region Vest
- Hå – driftsoperatør Hero Norge AS
- Stord – driftsoperatør Hero Norge AS
Region Sør
- Lista (Farsund) – driftsoperatør Hero Norge AS
- Solsiden (Lyngdal) – driftsoperatør Hero Norge AS
- Kristiansand – driftsoperatør Kristiansand kommune
- Larvik – driftsoperatør Sana Mottaksdrift AS
- Porsgrunn – driftsoperatør Sana Mottaksdrift AS