Asylmottak Aktivitetstilbod for barn i asylmottak
Please note that not all the content on this page is available in English.
Asylmottak skal ha ein heilskapleg strategi for livsutfalding, sosialisering og oppseding, og skal utarbeide ein aktivitetsplan kvart halvår som synleggjer omfanget av dei aktivitetane som er planlagde.
I tillegg til aktivitetar som mottaka skal leggje til rette for, forvaltar UDI ei tilskotsordning til aktivitetar for barn og unge som bur på asylmottak. Kommunar, frivillige organisasjonar, ikkje-kommersielle aktørar og andre som organiserer aktivitetar for barn i mottak kan søkje. Sjå retningslinjer for tilskotsordninga (eksternt nettsted).
Formålet med ordninga er å støtte tiltak som bidreg til å gi barna
- ein meiningsfull kvardag
- ein så normal barndom som mogleg
- moglegheiter for fysisk aktivitet
- høve til å utvikle ferdigheiter gjennom ulike aktivitetar
- meistringskjensle