Samarbeidet mellom kommunen og mottaket


For at mottaket skal fungere best mogleg, er det viktig med eit godt samarbeid mellom mottaket og kommunen. Derfor stiller UDI krav til at mottaka skal ha kontakt med, og informasjon til, kommunen og nærmiljøet.

Alle mottak skal jobbe for eit godt samarbeid med kommunen, spesielt når det gjeld helsetejeneste, barnevern, skule og vaksenopplæring. Mottaket skal også samarbeide med politiet, brannvesenet og biblioteket lokalt. I tillegg blir det ofte oppretta eit kontaktforum kvar representantar frå mottaket, kommunen og naboar møtest for å snakke om ting som dukkar opp, og for å løyse eventuelle problem på ein formålstenleg måte for alle partar.