Kven er dei nye statsborgarane?
Не весь вміст на цій сторінці доступний українською мовою.
Den største gruppa kom frå Eritrea, fylgt av Afghanistan og Irak. Dei siste åra har det vore langt fleire frå Asia og Afrika som har søkt om norsk statsborgarskap enn frå resten av verda.
Figur: Dei sju største opphavslanda til nye statsborgarar i 2015
Talet på nye norske statsborgarar frå Eritrea er nesten dobla samanlikna med 2014. For Afghanistan er talet 280 lågare enn i 2014, medan det for Irak er 570 lågare.
Kvifor kom dei til Noreg?
Halvparten av dei nye statsborgarane kom til Noreg på grunn av familieinnvandring. 28 prosent kom som asylsøkjarar.
Figur: Nye statsborgarar etter innvandringsgrunn, 2015
Kjønns- og aldersfordeling
Eit fleirtal av dei nye statsborgarane i 2015 var kvinner, og meir enn to tredelar var over 18 år.
Figur: Nye statsborgarar etter kjønn og alder, 2015