UDI har kontakta 17 715 britar


UDI har i løpet av hausten sendt e-post til 17 715 britar som oppheld seg i Noreg, om at overgangsperioden etter brexit ender 31. desember og korleis dei skal søkje løyve eller bestille opphaldskort.

Published: 20.12.2021

Etter at Storbritannia gjekk ut av EU og EØS har britar i Noreg og familiane deira fått bli under framleis same vilkår i ein overgangsperiode. Men 31. desember er det slutt på det.

Det har dei aller fleste britane fått med seg. I midten av desember har 18 223 britiske borgarar anten søkt eit løyve eller bestilt eit opphaldskort, etter dei nye reglane.

- Av alle søknadene har vi om lag tusen søknader framleis til behandling hos oss. Det er også nokre britar som ventar på oppmøtetid hos politiet for å få opphaldskort. Men alle som har søkt, kan få bli i Noreg til det er teke ei endeleg avgjerd i saka, seier Karl Erik Sjøholt, direktør for Opphold.

For dei få som av ulike årsaker ikkje har søkt, kan UDI gjere unntak frå fristen dersom det ligg føre rimelege grunnar til at fristen ikkje vart overhalden.

Viss ein ikkje har fått dei endelege dokumenta, kan ein framleis stadfeste retten til å vere i Noreg med andre dokument, som til dømes kvittering for innlevert søknad om opphaldsløyve.

Did you find what you were looking for?