UDI fyller heile kvoten i år


UDI fyller i år heile kvoten på 3 608 overføringsflyktninger.

Published: 14.12.2021

Dei siste åra har kvoten vore på 3 000 personar, men på grunn av koronapandemien og globale reiserestriksjonar vart 608 plassar overført frå 2020 til i år.

- I år har vi gjennomført flyktningintervjua både via Teams og no i haust fysisk i enkelte av landa. Det har vore ein formidabel innsats både av UNHCR, IOM og folka våre, seier UDI-direktør Frode Forfang.

Per 1. desember har UDI gitt innreiseløyve til 3 151 overføringsflyktningar. Dette inkluderer også 51 relokaliserte syrarar frå Hellas og nær 800 evakuerte frå Afghanistan.

I desember har det vore to større uttak i Rwanda (ekstern nettstad) og Libanon, som vil bidra til å fylle opp dei siste 457 plassane.

Did you find what you were looking for?