Svak auke i talet på asylsøkjarar
Не весь вміст на цій сторінці доступний українською мовою.
(Oppdatert med endelege tal, små endringar frå dei førebelse tala. Lagt til talet på behandla saker og innvilgingsprosent.)
- Noko av auken kjem av evakueringa frå Afghanistan i fjor. Då kom det i underkant av hundre asylsøkjarar i tillegg til rundt 800 overføringsflyktningar, seier UDI-direktør Frode Forfang. - Dei ekstra låge asyltala i fjor og 2020 kjem av i stor grad koronapandemien og dei nasjonale og globale reiserestriksjonane dette har medført.
Tal som viser asylinnreiser før pandemien:
- 2019: 2 305
- 2018: 2 655
- 2017: 3 560
- 2016: 3 460
- 2015: 31 150
I 2021 kom det asylsøkjarar frå 82 land til Noreg. Øvst på lista var det 586 syrarar, 261 afghanarar og 181 eritrearar. Frå i alt 19 land kom det meir enn fem personar, mens det frå 32 land berre kom éin person.
Fordelinga mellom kjønn var 1 026 menn og 630 kvinner. 1 208 av dei som kom i fjor var vaksne, 267 medfølgjande barn og 181 (11 prosent) var einslege mindreårige. Sistnemnde kategori har auka kraftig frå året før då det kom 89 einslege mindreårige asylsøkjarar.
Ved årsskiftet budde det 2 008 personar i UDI sine asylmottak, om lag 300 fleire enn på starten av fjoråret. Auken kjem av at det kom relativt sett fleire asylsøkjarar mot slutten av fjoråret. Ein dryg firedel av bebuarane har fått endeleg avslag og er pliktige til å forlate landet.
UDI behandla 1 524 asylsøknader i 2021. Av dei sakene ein realitetsbehandla i Noreg fekk 87 prosent opphald.