Overføring frå Moldova


Den første overføringa frå Moldova av ukrainarar som vil søkje vern i Noreg, er planlagde gjennomførte neste veke.

Published: 11.05.2022

Førebels dato er 20. mai, men det er framleis ein del uvisse rundt kor mange som til slutt ønskjer å reise.

Den 28 februar fekk Noreg ei oppmoding frå Moldova om å overføre flyktningar frå landet. Regjeringa instruerte UDI 23. mars om å førebu uttak av 2 500 personar fordrivne frå Ukraina som er i Moldova, for overføring til Noreg for asylbehandling. 

Dette er personar som i dag er i tryggleik utanfor Ukraina, og blir tilbodne høvet til å overførast til Noreg. UDI førebur og koordinerer overføringa. Dette blir gjort i samarbeid med Politiets utlendingseining, og vi har tett kontakt med Mattilsynet og Bufetat.

Systematisk arbeid

Det er rundt 100 000 ukrainarar i Moldova som er fordrive etter 24. februar, og majoriteten av dei bur hos vertsfamiliar. UNHCR jobbar systematisk med å finne aktuelle kandidatar til Noreg, men det er eit krevjande arbeid å nå ut til dei og informere om moglegheita for å overførast til andre land. Dette påverkar kor raskt norske styresmakter kan få liste frå UNHCR over aktuelle kandidatar.

Det er Europakommisjonen som koordinerer assistert overføring frå Moldova på europeisk nivå. Europeiske land har tilbode i underkant av 20 000 plassar for overføring frå Moldova, og det var per 9. mai overført totalt 1 275 personar til sju ulike land, gjennom i alt 22 overføringar. Det har mellom anna vore ni overføringar til Austerrike, fem til Tyskland og to til Frankrike.

Kapasiteten i Moldova er å gjennomføre rundt to overføringar per veke.

Første overføring

UNHCR og Europakommisjonen viser til at det kan påverke etterspurnaden om ein kjem i gang med overføringar, slik at overførte personar informerer andre om korleis det er i det nye landet. Per dags dato er det 38 personar som har meldt interesse for å komme til Noreg ved første overføring, men dette kan endre seg fram mot avreise.

Det er fleire aktørar som hjelper oss i overføringa. IOM (International Organization for Migration) organiserer denne transporten. Transporten av denne gruppa vil gå føre seg ved rutefly.

Did you find what you were looking for?