Justerer opp scenarioet til 40.000


Utlendingsdirektoratet (UDI) har no justert opp planleggingsprognosen for talet på flyktningar frå Ukraina frå 37 000 til 40 000. I tillegg er det lagt opp til eit planleggingstal for neste år på 30 000.

Published: 15.09.2022

Utlendingsdirektoratet (UDI) har regelmessig i 2022 utarbeidd scenario som beskriv innkomst av flyktningar frå Ukraina. Dette arbeidet skjer i samarbeid med Politiets utlendingsenhet, Landinfo, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB), Forsvarsdepartementet og Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi). I tillegg blir det utarbeidd avleidde scenario over behov for mellom anna mottaksplassar og busetjing.

Innkomstar, flyktningar frå Ukraina i 2022

  • Lågt scenario: 30 000 – 35 000
  • Mellomscenario: 40 000 – 60 000
  • Høgt scenario: 80 000 – 100 000
  • Planleggingstal: 40 000

Innkomstar, flyktningar frå Ukraina i 2023

  • Lågt scenario: 1000 – 10 000
  • Mellomscenario: 20 000 – 40 000
  • Høgt scenario: 80 000 – 120 000
  • Planleggingstal: 30 000

UDI si vurdering er at vi no ligg nærast skildringa i mellomscenarioet i både 2022 og 2023. Sjølv om ukrainske styrkar har teke tilbake område sør og aust for Kharkiv og no er på offensiven, så er det stor uvisse om utviklinga framover. Det er dessutan svært sannsynleg at konflikten vil halde fram utover i 2023.

Den humanitære situasjonen er vanskeleg i delar av Ukraina med store skadar på bustader, sivil infrastruktur, straum- og vassforsyning, og dessutan problem med tilgang på medisinar. Arbeidslivet er hardt ramma, og det er mange med låg inntekt.

Aukande innkomstar

I august var talet som søkte beskyttelse i Noreg den høgaste sida i april, men talet gjekk litt ned igjen den første veka i september. I veke 36 fekk Noreg 773 søknader, mens talet i veke 35 var 874.

Av dei som registrerer seg under ordninga for mellombels beskyttelse i Europa har andelen som søkjer i Noreg auka i august. UDI har lite informasjon om dei som no kjem til Noreg er personar som kjem direkte frå Ukraina, men vi går ut frå at noko av auken kan relaterast til personar som har reist vidare etter lengre opphald i nærområda til Ukraina. UDI vurderer det slik at andelen som vel Noreg truleg vil vere høgare også i tida framover.

Avviklinga av kortvarige avtalar held fram

Justeringen av scenaria har ingen umiddelbare konsekvensar for UDIs styring av kapasiteten og talet på plassar i mottak. Grunnen til dette er at UDI no skaffar ordinære mottak som til ei stor grad skal overta for dei kortvarige avtalane vi har med akuttinnkvarteringane. Så sjølv om UDI held fram med å avvikle akuttinnkvarteringar så snart det er mogleg i samsvar med driftstida i kontraktane, så vil vi framleis ha tilgjengeleg ein stor kapasitet gjennom hausten.

* Formålet med å utarbeide scenarioa er å skape eit felles situasjonsbilde for alle som er involverte i handteringa av Ukraina-krisa. Scenarioa er baserte på offentleg tilgjengeleg informasjon om krigen, situasjonen i Ukraina og situasjonen i andre europeiske land. Denne vurderinga blei gjord ut frå situasjonen og tilgjengeleg informasjon 7. september 2022.

Les meir om dei ulike scenarioa og den siste rapporten her.

Did you find what you were looking for?