Flyktningar frå Ukraina får tilgang til elektronisk ID


Ukrainarar i Noreg, som har søkt om eller fått innvilga kollektiv beskyttelse, kan nå få elektronisk ID (eID).

Published: 07.07.2022

Gjennom å skaffe seg eID, får flyktningane tilgang til ei rekkje offentlege tenester digitalt.

Tenestene til UDI skal tilpassast brukarar med eID, men er førebels ikkje tilgjengelege. Eit digitalt tilbod til utlendingar som bruker tenester i Utlendingsforvaltninga vil føre til raskare og meir direkte kommunikasjon, og færre manuelle prosessar.

– Med eID kan vi få til heildigitale og oppmøtefrie tenester, og slik kutte ventetider og gjere livet litt enklare for dei som søkjer om opphald i Noreg, seier teamleiar Anders Aakhus.

Du finn meir informasjon på norge.no om tilgang til digitale tenester frå det offentlege | Norge.no (eksternt nettsted).

Did you find what you were looking for?