Fleire asylsøkjarar i 2022


Det kjem fleire som søkjer vern i Noreg – også frå andre land enn Ukraina.

Published: 12.07.2022

Så langt i år, januar og ut juni, har UDI motteke 21 512 søknader om beskyttelse i Noreg. 1 649 av desse er frå personar med eit anna statsborgarskap enn ukrainsk.

Prognosen for 2022 er no 4 000 asylsøkjarar utover dei som kan få mellombels kollektiv beskyttelse. I heile 2021 kom det 1 656 søknader om asyl. 

Flyktningstrømmen fra Ukraina 

Talet på ukrainske asylsøkjare til Noreg så langt i år er 19 863. 

Nære familiemedlemmer og tredjelandsborgarar som hadde beskyttelse i Ukraina då krigen braut ut, er også blant dei som kan få kollektiv beskyttelse. Det er derfor ein del personar med annan nasjonalitet enn ukrainsk som får dette. Det er så langt i år 242 personar med annan nasjonalitet som har søkt etter denne føresegna. Av desse er det flest russarar (52). Deretter kjem Georgia med 19 søknader, Aserbajdsjan med 17 og Afghanistan med 14.

Ny utvikling

Trenden med ein auke av asylsøkjarar i Noreg skjer samtidig som det blir meldt om høgt talet på asylsøkjarar elles i Europa. Ei ny utvikling er at vi ser ein auke i søknader knytt til migrantsituasjonen i Sør-Amerika. Colombia og Venezuela er no blant dei landa det kjem flest søkjarar frå.

Dei ti største nasjonalitetane med registrerte søknader om beskyttelse (asyl, ikkje kollektiv beskyttelse) så langt i år:

  • Syria: 381 
  • Afghanistan: 175 
  • Eritrea: 147 
  • Russland: 92 
  • Colombia: 72 
  • Tyrkia: 64 
  • Venezuela: 54 
  • Statslaus: 35 
  • Iran: 33 
  • Etiopia: 26 

Sjå meir på statistikksidene våre.

Did you find what you were looking for?