Talet på søknader til UDI aukar


Så langt i år har det komme inn 78 830 søknader til behandling i UDI. Det er nesten dobbelt så mange som før pandemien i 2019.

Published: 12.07.2022

Det største talet saker UDI har fått inn til behandling i 2022 så langt, er søknader om statsborgarskap. Søknader om kollektiv beskyttelse frå ukrainske flyktningar utgjer også ein stor del.  

Søknadstypar det har komme flest av til UDI i 2022 per utgangen av juni: 

  • Statsborgarskap: 25 000 (8 200 i første halvår 2019, som var før det vart opna opp for å kunne behalde eksisterande statsborgarskap når ein blei norsk)
  • Flukt inkludert Ukraina: 21 500
  • Arbeid: 8 300 søknader (i første halvår 2019: 7 500)
  • Studiar: 2 800 (i første halvår 2019: 2 500)
  • Familieinnvandring: 9 000 (i første halvår 2019: 8 200)
  • Permanent opphald: 2 200 (i første halvår 2019: 2 900)

Gjer fleire vedtak

UDI har fatta 70 500 vedtak til og med juni, som også er 30 000 fleire søknader behandla enn snittet dei førre tre åra. Samtidig er det 8 400 fleire som ventar på svar på søknaden samanlikna med 31.12.2021.

Sjå statistikksidene våre for vedtak så langt i år for fleire sakstypar. 

Did you find what you were looking for?