Alternativ mottaksplassering og høvet til å bu privat


Ukrainske flyktningar som ønskjer å bu privat, kan gjere det som eit alternativ til plass i asylmottak eller akuttinnkvarteringar. Ordninga varer inntil personane blir busett, helst i den kommunen dei har fått innvilga mellombels alternativ mottaksplass.

Published: 09.05.2022

Mange av flyktningane som kjem frå Ukraina har familie eller nokon dei kjenner og stoler på som dei ønskjer å bu hos. Mellombels alternativ mottaksplass gjeld for personar som er fordrivne frå Ukraina, og som er i målgruppa for mellombels kollektiv beskyttelse. Einslege mindreårige er ikkje omfatta av ordninga om mellombels alternativ mottaksplass. Dei kan få hjelp av ein representant til å søkje om alternativ mottaksplass etter den ordinære ordninga

Ein mellombels mottaksplass betyr at ein kommune tek på seg ansvaret for å gi nødvendig økonomisk støtte, og etablere gode rutinar for å vareta og følgje opp personar som bur privat i mellombelse løysingar. Viss både kommunen og UDI aksepterer søknaden, vil kommunen få eit økonomisk tilskot frå UDI.

UDI varslar kommunen skriftleg om avslutting av tilbodet så raskt som mogleg etter at det er avklart at personen skal busetjast. Kommunen får informasjon om kva som blir siste utbetalingsdato for tilskotet.

Mellombels alternativ mottaksplass er ikkje er ei form for busetjing, og er berre eit alternativ til plass i eit mottak fram til busetjing. Busetjing skjer etter avtale mellom IMDi og kommunen. Sidan mange spør om dette, har vi her laget ei oversikt over korleis overgangen frå mottak til busetjing går føre seg for dei ukrainske flyktningane.

Kven kan få mellombels alternativ mottaksplass?

  • ukrainske statsborgarar busett i Ukraina før 24. februar 2022
  • tredjelandsborgarar og statslause som har fått internasjonalt beskyttelse eller tilsvarande nasjonalt beskyttelse i Ukraina før 24. februar 2022
  • tredjelandsborgarar og statslause som er nære familiemedlemmer av personar som nemnt over, som ektefelle, sambuar, barn under 18 år og andre familiemedlemmer som var del av husstanden til hovudpersonen før 24. februar 2022.

For å kunne få alternativ mottaksplass, må personen ha funne ein mellombels stad å bu i ein kommune før dei blir busette. Eksempler på slike buløysingar kan vere:

  • hos familiemedlemmer som er busette i ein kommune
  • hos andre private personar som har tilbod om ein stad å bu
  • ein bustad som er formidla av frivillige organisasjonar eller kommunen, og som ikkje er ein del av mottakssystemet.

Varigheit på ordninga er inntil dei blir busette i kommunen. Dette er IMDi sitt ansvar.

Ordninga med alternativ mottaksplass og den tilhøyrande utbetalinga av tilskot stansar altså når

  • personen blir busett i regi av IMDi, eller på eiga hand,
  • personen får endeleg avslag, og pliktar å forlate Noreg,
  • vilkåra for alternativ mottaksplass ikkje lenger er til stades,
  • UDI eller kommunen har behov for å avslutte tilbodet, eller personen sjølv ønskjer å flytte.

Kva kan flyktningane som får alternativ mottaksplass forvente av kommunane?

Når ein kommune aksepterer å inngå ein avtale om mellombels alternativ mottaksplass, tek dei på seg oppfølgingsansvar for dei personane som får innvilga mellombels alternativ mottaksplass. Dette betyr at desse personane vil få oppfølging frå kommunen for å sikre at dei har eit enkelt, men akseptabelt butilbod inntil dei blir busette, at dei får tilgang til nødvendige kommunale tenester, inkludert helse- og omsorgstenester, og økonomiske ytingar for å dekkje nødvendige utgifter til livsopphaldet til personen. Kommunane skal også tilby gratis barnehageplass.

UDI sitt tilskot til kommunane

For at kommunane skal kunne levere alle desse tenestene, får dei eit tilskot på 17 687 kroner frå UDI per person per månad. Tilskotet blir utbetalt med tilbakeverkande kraft frå 1. mars i samband med alle søknadene som vart sende til UDI i mars og april. Dette vart gjort for å gi draghjelp til kommunar som tok imot mange privatbuande rett etter starten av Ukraina-situasjonen.

UDI brukte noko tid på å få den utvida mellombels alternativ mottaksplass-ordninga for ukrainarar i målgruppa for kollektiv beskyttelse på plass, inkludert den elektroniske søknadsportalen. I tillegg var det ventetider for registrering hos politiet på grunn av dei store innkomstane. Det er forventa at kommunane har gitt støtte og oppfølging til personar som har opphalde seg i kommunen over denne perioden.

Utfordringane med mellombels alternative mottaksplass-ordninga og politiregistrering er no løyst, og kommunar som aksepterer søknader som vart sende t.o.m. frå 1. mai får ikkje lengre tilskot med tilbakeverkande kraft.

Kartlegging av privatbuande

Personar som bur privat (utanfor mottakssystemet) og ønskjer hjelp til busetjing i ein kommune, må søkje IMDi om busetjing med offentleg hjelp. Det må gjerast innan 6 månader etter dei fekk vedtak om beskyttelse.

For å søkje om å bli busett med offentleg hjelp må dei fylle ut eit digitalt skjema som ligg på IMDi sin nettside (eksternt nettsted). I skjemaet skal personen fylle ut informasjon om nær slekt/tilknyting, behov for tilrettelegging og husdyr/kjæledyr, og dette blir gjennomført som ei eiga kartlegging.  

Viss ein person ønskjer å bli busett med offentleg hjelp i ein kommune og allereie har tilgang til ein bustad, må personen kontakte den aktuelle kommunen, og be om at kommunen vurderer om det er aktuelt med avtalt sjølvbusetjing. Viss kommunen aksepterer, skal kommunen kontakte IMDi. Det er frivillig for kommunar å inngå avtalt sjølvbusetjing.

Ved avtalt sjølvbusetjing har personen same rettar som ved busetjing med offentleg hjelp (eksternt nettsted). Det er ikkje eit eige kartleggingssystem for denne gruppa. Det kan vere personar som har budd på mottak, eller personar som har budd privat.

Halde fram med å bu i same kommune

Mange med alternativ mottaksplass får tilknyting til kommunen dei bur i, og ønskjer å halde fram med å bu i den aktuelle kommunen når dei skal bli busette. Ved busetjing av personar på mellombels alternativ mottaksplass vil IMDi sende førespurnad om busetjing til kommunen når personane har fått innvilga beskyttelse.

Kommunen kan også sjølv kontakte IMDi for å lage ein avtale om sjølvbusetjing (eksternt nettsted).

Busetjing av personar på mellombels alternativ mottaksplass i kommunen vil i så fall telje i talet på busetjingar som kommunen har forplikta seg til å ta imot gjennom vedtaket sitt overfor IMDi. Ved busetjing av personar på mellombels alternativ mottaksplass blir det lagt til grunn at kommunen har nødvendig kjennskap til desse flyktningane, som dekkjer behova deira for informasjon ved vurdering av IMDi sin førespurnad om busetjing. Det er derfor ikkje lagt opp til eigne kartleggingsløysingar for denne gruppa.

Korleis blir busette personar som er innvilga mellombels alternativ mottaksplass?

Målsetjinga er å så raskt som mogleg få dei som har søkt om beskyttelse busett i ein kommune. For dei som har søkt om mellombels alternativ mottaksplass og bur privat, vil busetjing i utgangspunktet skje på vanleg måte gjennom fordelingar i IMDi sine systemer (eksternt nettsted).

Avtalt sjølvbusetjing er eit høve til å busetje personar som gjennom alternativ mottaksplass har fått ei tilknyting til kommunen. Det er kommunen som kontaktar IMDi for å gjere ein avtale om sjølvbusetjing i desse tilfella. Dette inneber at flyktningar som ikkje har fått tildelt ein busetjingskommune, finn ein bustad sjølv. Flyktningar som finn bustad på eiga hand, må ta kontakt med kommunen bustaden ligg i for å avklare kva moglegheiter dei har.

UDI samarbeider med IMDi for å sikre rask busetjing på mottak, og samtidig god flyt mellom mellombels alternativ mottaksplass og busetjing. Mellombels alternativ mottaksplass sikrar høvet til å kunne bu privat mens ein ventar på busetjing.

Dei som har fått innvilga mellombels alternativ mottaksplass, er derfor ikkje busette og har ikkje dei rettane som kjem med busetjing, som introduksjonsprogram og andre ytingar. Når dei får vedtak om mellombels kollektiv beskyttelse, kan dei busetjast i kommunen. Det skjer på vanleg måte med ei fordeling via IMDi sitt system.

Did you find what you were looking for?