Årsrapport 2013 Kor mange returnerte?


I 2013 returnerte 1 900 personar gjennom støtteordningar for assistert retur.

Personar som har ein søknad om vern til behandling, som har fått avslag på søknaden om opphald, eller som ikkje har lovleg opphald i Noreg, kan søke om hjelp og støtte til å reise tilbake og etablere seg i heimlandet.

Dei siste åra har satsinga på assistert retur auka, mellom anna gjennom fleire nye støtteordningar. Fleire personar enn tidlegare er omfatta av ordningane, og ytingane har også auka for ei rekke grupper. Ei undersøking som blei gjennomført i slutten av 2013 viser at sannsynlegheita for at ein person returnerer ved assistert retur også har auka dei siste åra.

1 900 personar reiste med assistert retur, mens politiet uttransporterte 1 300 tidlegare asylsøkjarar til heimlanda deira. Den største gruppa som reiste med assistert retur var russiske borgarar, etterfølgt av irakarar. Den største gruppa som blei uttransporterte av politiet var afghanarar.

De som har fått avslag, men som ikkje reiser heim, kan bli tvangsreturnerte til heimlandet av politiet.

Figur: Antall som returnerte, sju største land 2013


 

 

Did you find what you were looking for?