Asylmottak Barn og unge
Не всё содержание этой страницы имеется на русском.
Oppfølging av barn og unge
-
Håndbok for kommunane
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) har laga ei handbok til kommunane som er eit verktøy for å setje dei i stand til å gjere ein best mogleg jobb for einslege mindreårige som skal busetjast eller er busett. Handboka er bygd opp ut frå eit heilskapleg blikk på tida til barnet i Noreg. Derfor omhandlar den også informasjonen om einslege mindreårige som asylsøkjarar og kommunane som vertskommune for asylmottak og omsorgssenter.
-
Busetjing av mindreårige einslege flyktningar
Busetjing av einslege mindreårige flyktningar krev eit spesialtilpassa apparat i kommunane.
Dei som er mellom 15 og 18 år når dei kjem til Noreg og søkjer beskyttelse, får tilbod om å bu på asylmottak for einslege mindreårige i regi av Utlendingsdirektoratet (UDI). Dei som er under 15 år får tilbod om plass på eit omsorgssenter for mindreårige i regi av Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat).
Sjå informasjon om busetjing i kommunane av einslege mindreårige flyktningar frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) (eksternt nettsted, åpnes i nytt vindu).
-
Aktivitetstilbod for barn i asylmottak
Asylmottak skal ha ein heilskapleg strategi for livsutfalding, sosialisering og oppseding, og skal utarbeide ein aktivitetsplan kvart halvår som synleggjer omfanget av dei aktivitetane som er planlagde.
I tillegg til aktivitetar som mottaka skal leggje til rette for, forvaltar UDI ei tilskotsordning til aktivitetar for barn og unge som bur på asylmottak. Kommunar, frivillige organisasjonar, ikkje-kommersielle aktørar og andre som organiserer aktivitetar for barn i mottak kan søkje. Sjå retningslinjer for tilskotsordninga (eksternt nettsted).
Formålet med ordninga er å støtte tiltak som bidreg til å gi barna
- ein meiningsfull kvardag
- ein så normal barndom som mogleg
- moglegheiter for fysisk aktivitet
- høve til å utvikle ferdigheiter gjennom ulike aktivitetar
- meistringskjensle
-
Barnehage og skule for barn som er asylsøkjarar
Barnehage
Barn som bur i asylmottak, har ikkje rett til barnehageplass. Det får dei først viss dei får opphaldsløyve i Noreg, blir varig busette i kommunen og oppfyller resten av vilkåra i barnehageloven § 16 (eksternt nettsted).
Kommunen kan svært gjerne tilby barnehageplass til barn som bur i asylmottak likevel. Då utbetaler UDI eit tilskot til kommunen. Storleiken på tilskotet er basert på kor mange plassar asylmottaket rapporterer at kommunen stiller til disposisjon. Tilskotet inkluderer foreldrebetaling og kostpengar.
Å gå i barnehage vil bidra til ei normalisering av kvardagen for barna, og vil ha ein positiv innverknad på utviklinga deira, den psykososiale helsa, norskopplæring og integrering. Foreldra får avlasting og større høve til å delta i norskundervisning og på andre aktivitetar.
Du kan lese meir om tilskotsordninga og sjå kva satsar som gjeld i retningslinja UDI 2011-025 Tilskot til vertskommunar for asylmottak og omsorgssenter, punkt 3.5. (eksternt nettsted)
Grunnskule og vidaregåande skule
Barn som er under 16 år har rett og plikt til grunnskuleopplæring. Dette gjeld også for barn som er asylsøkjarar. Kommunen der barnet bur har ansvaret for å tilby grunnskuleopplæringa.
Nokre asylsøkjarar som er under 18 år har rett til vidaregåande opplæring etter søknad. Det er Utdanningsdirektoratet som bestemmer reglane om skulegang for asylsøkjara (eksternt nettsted).
-
Barnevernet og barn som er asylsøkjarar
Barnevernet (eksternt nettsted) har det same ansvaret for å følgje opp barn som er asylsøkjarar som dei har for andre barn i Noreg. Lov om barneverntenester gjeld for alle barn som oppheld seg i Noreg, også asylsøkjarar. Det gjeld også om dei bur på asylmottak.
Dersom det er grunn til bekymring for eit barn i mottak, skal kommunal barnevernteneste varslast. Barneverntenesta skal på vanleg måte undersøkje saka og setje i gang nødvendige tiltak. Dette ansvaret er presisert i eit rundskriv til kommunane, mottaket og omsorgssentera i landet i 2010 (eksternt nettsted).