Sidan 2022 har Noreg teke imot omlag 100 000 flyktningar og fordrevne. Dei aller fleste av desse kjem frå Ukraina, og det har vore ein stabilt låg innkomst av irregulær innvandring. I ei pressemelding frå Justisdepartementet blir det opplyst at regjeringa meiner det er viktig å sjå alle innkomstar i samanheng. Av omsyn til ei kontrollert og berekraftig innvandring foreslår derfor regjeringa å redusere talet på kvoteflyktningar frå 1 000 for inneverande år, til 200 for 2025.
– Regjeringa er oppteken av å ha ei kontrollert og berekraftig innvandring til Noreg. Det handlar om at vi ikkje kan ta imot fleire enn vi evnar å integrere. Kapasiteten ute i kommunane nærmar seg bristepunktet. Derfor er vi nøydde til å redusere talet på overføringsflyktningar nok ein gong, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp).
Parallelt jobbar regjeringa også med innstrammingar i regelverket for familieinnvandring. Det blir vist til den nyleg avslutta høyringa om regelverksendringar som skal avgrense familiegjenforeining med einslege mindreårige i Noreg, når dette ikkje er til barnets beste. Endringane vil bidra til å førebyggje at familiegjenforeining fører til barnebortføring og utøving av bigami i Noreg.
Samtidig sender regjeringa i dag på høyring eit forslag om å oppheve utlendingslova § 46. –Eg er oppteken av at Noreg ikkje skal ha eit innvandringsregelverk som er meir attraktivt enn samanliknbare land. Ei eiga føresegn som opnar for familiegjenforeining for einslege, eldre foreldre med vaksne barn i Noreg, er noko berre eit fåtal andre land i Europa har. Våre erfaringar viser at det ofte kjem personar med store helseutfordringar som velferdsstaten må ta seg av. Eit grunnleggjande omsyn bak familieinnvandring er at ein skal kunne forsørge seg sjølv for å sikre god integrering. Eg meiner derfor det er rimeleg at ei slik søknad om familiegjenforeining blir vurdert i tråd med det alminnelege regelverket framfor å ha ei særføresegn for denne gruppa av innvandrarar, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl.
Les meir på Regjeringen.no: Regjeringen foreslår å redusere antallet overføringsflyktninger fra 1 000 til 200 (eksternt nettsted)