Ventar auke i talet på flyktningar frå Ukraina
Please note that not all the content on this page is available in English.
Utlendingsdirektoratet (UDI) har regelmessig i 2022 utarbeidd scenario som beskriv innkomst av flyktningar frå Ukraina. Dette arbeidet skjer i samarbeid med Politiets utlendingsenhet, Landinfo, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB), Forsvarsdepartementet og Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi). I tillegg blir det utarbeidd avleidde scenario over behov for mellom anna mottaksplassar og busetjing.
Innkomstar – flyktningar frå Ukraina i 2022
Lågt scenario: 30 000 – 35 000
Mellomscenario: 40 000 – 60 000
Høgt scenario: 80 000 – 100 000
Planleggingstal: 37 000
Ifølgje UNHCR er nær 6,4 millionar ukrainske flyktningar registrerte i Europa, inkludert Russland, og situasjonen i Ukraina har ikkje endra seg vesentleg i løpet av sommaren. Utsiktene til ei snarleg løysing verkar no lite sannsynleg, og den humanitære situasjonen er vanskeleg i delar av Ukraina med store skadar på bustader, sivil infrastruktur, straum- og vassforsyning, og dessutan problem med tilgang på medisinar. Arbeidslivet er hardt ramma og det er mange med låg inntekt.
Fleire vel Noreg
Talet på personar som søkjer om kollektiv beskyttelse i Noreg har vore stabilt gjennom sommaren, men noko høgare i juli og august enn i juni. Den siste månaden har talet på søkjarar lege på 85 søknader i snitt per dag. Dette er ein del høgare enn i førre scenariorapportert i juni.
Samanlikna med førre scenariorapport ser vi no at andelen som vel å reise til Noreg har auka noko, sjølv om andelen framleis er låg. UDI observerer også ei auka interesse for å reise til Noreg på sosiale medium. Vi antek derfor det som meir sannsynleg at andelen som vel Noreg vil vere høgare framover enn det vi har sett så langt.
UDIs vurdering er derfor at vi no ligg nærare skildringa i mellomscenarioet enn ved førre rapport i juni. Vi har derfor no justert opp planleggingsprognosen for talet på flyktningar frå Ukraina frå 32 000 til 37 000, mens nedre scenario er auka frå 25 000 til 30 000.
Påverkar ikkje avvikling av akuttmottak
Justeringen av scenaria har ingen umiddelbare konsekvensar for UDIs styring av kapasiteten og talet på plassar i mottak. Grunnen til dette er at UDI no skaffar ordinære mottak som til ei stor grad skal overta for dei kortvarige avtalane vi har med akuttinnkvarteringane. Så sjølv om UDI held fram med å avvikle akuttinnkvarteringar så snart det er mogleg i samsvar med driftstida i kontraktane, så vil vi framleis ha tilgjengeleg ein stor kapasitet gjennom hausten.
* Formålet med å utarbeide scenarioa er å skape eit felles situasjonsbilde for alle som er involverte i handteringa av Ukraina-krisa. Scenarioa er baserte på offentleg tilgjengeleg informasjon om krigen, situasjonen i Ukraina og situasjonen i andre europeiske land. Denne vurderinga blei gjord ut frå situasjonen og tilgjengeleg informasjon 11. august 2022.
Les meir om de ulike scenarioa og den siste rapporten her.