Utflytting frå OCC i september
Please note that not all the content on this page is available in English.
UDI har inngått avtalar om 200 plassar i Hå, 250 plassar i Porsgrunn og 250 plassar i Sunndal. Ved behov kan det bli aktuelt å inngå ein tilsvarande avtale ein fjerde stad. I tillegg vil UDI utvida talet på plassar ved ni basismottak over heile landet.
Flyktningane vil flytta ut i større og mindre grupper frå midten av september. Før dei flyttar er planen at dei skal vera intervjua av UDI og Imdi med tanke på busetjing.
Busetjinga har allereie starta for dei første som kom til Noreg, og vil halda fortløpande fram utover hausten.