UDI tildeler rammeavtalar for drift av basismottak


UDI har tildelt rammeavtalar for drift av basismottak til 14 ulike aktørar. Rammeavtalane er fordelte på UDIs fem regionar. Blant aktørane er det åtte private, ti kommunale og to ideelle organisasjonar.

Published: 04.07.2019

– UDI etablerer no parallelle rammeavtalar med fleire framtidige leverandørar som kan hjelpe oss med å utvikle og effektivisere mottakstenestene, seier avdelingsdirektør Christine Wilberg. Når UDI får behov for mottaksplassar i framtida, vil vi på ein enklare måte kunne be om tilbod frå dei aktørane vi har inngått rammeavtalar med, seier Wilberg.

Rammeavtalen gir aktørane høve til å delta i UDIs framtidige mini-konkurransar om etablering av mottak og mottaksplassar. Med andre ord må ein leverandør først vinne ein mini-konkurranse før det kan bli etablert eit mottak.

Det kjem færre asylsøkjarar enn nokon gang, men det er likevel viktig for UDI at dei som skal drive mottaka raskt kan bidra til ei oppbygging av kapasitet om denne trenden skulle snu. I dag har vi 20 ordinære mottak, to mottak for einslege mindreårige og fire tilrettelagde avdelingar.

– Med basismottaka vil vi få meir langsiktige avtalar med aktørar som kan utvikle tenestene saman med oss. Rammeavtalane vil dessutan gi oss større fleksibilitet med høve til å etablere fleire plassar raskt ved behov, seier Wilberg.

UDI er fornøgd med at det var reell konkurranse om rammeavtalane, og at det kom meir enn fem tilbydarar per region. Vi fekk inn totalt 40 tilbod frå 20 ulike tilbydarar. Fleire av tilbydarane leverte tilbod i tre eller fleire regionar.

Kriteria for tildelinga var pris, oppdragsforståing og bemanning.

Følgjande 14 aktørar har fått tildelt rammeavtale med UDI:

Bankplassen AS

Engerdal kommune

Hero Noreg AS

KF Innvandrarsenteret i Flora

Kristiansand kommune

Levanger kommune

Link AS

Nome kommune

Nord-Norsk Mottakssenter AS

Norsk Folkehjelp

Ostra Consult AS

Setermoen mottak AS

Steinkjer kommune

Stiftinga Sana

 

Vi gjer merksam på at det er ein karensperiode/klageperiode før tildelinga er endeleg.

 

 

Did you find what you were looking for?