UDI har inngått avtaler om inntil 20.000 nye beredskapsplassar
Please note that not all the content on this page is available in English.
Utlendingsdirektoratet (UDI) har ansvar for å skaffe innkvartering til alle som søker asyl til Noreg, eller i påvente av utreise for dei som har fått avslag på søknaden. Akuttinnkvarteringar er eit midlertidig butilbod til asylsøkarar i periodar med store eller raske ankomstar, og der det ikkje er mogleg å få på plass ordinære mottak raskt nok eller i stort nok omfang.
UDI driv ikkje sjølv mottak, men konkurranseutsett dette til eksterne aktørar. Denne gongen dreier utlysinga seg om rammeavtaler for akuttinnkvarteringer, altså beredskapsavtaler som trer i kraft ved behov slik at UDI ved raske og høge ankomstar kan opprette det antal akuttplassar dei treng innan kort tid.
Auka ankomstar
Nyleg blei det signert 33 slike rammeavtaler med 27 leverandørar rundt i landets kommunar, avtaler som inneber moglegheit for å utløyse inntil 20.000 beredskapsplassar.
– Det har vore ein jevn auke i ankomstar frå august, og det kjem nå over 1000 asylsøkarar kvar veke. Belegget i våre mottak har auka med nesten 6000 bebuarar sidan juni. Så trass i at kommunar buset i raskt tempo har UDI behov for å auke mottakskapasiteten, opplyser direktør for Mottak og Retur, Borghild Fløtre.
Det etablerast til å byrje med 1200 plassar gjennom avtaler med fire leverandørar i tre ulike regionar; Vest, Midt-Norge og Nord.
Bergen, Voss, Rauma og Bodø
UDI har inngått avtale om etablering av akuttinnkvarteringar i Bergen, Voss, Rauma og Bødø. Dette er plassar som skal vere etablerte allereie i løpet av november.
I region Vest vil det totalt komme 432 nye plassar. 102 av disse etablerast av Calmar Eiendom 3 AS i Kong Oscarsgate 22 i Bergen innan 29. oktober. Desse plassane kjem i tillegg til dei 148 plassane som er i Kong Oscars gate 29 og 44 i dag.
I tillegg etablerer Sana Mottaksdrift 330 plassar i Uttrågata 42 og Vikjavegen 970-978 i Voss Herad. Dei 100 første plassane skal vere på plass frå og med 1. november, mens dei andre 230 plassane skal vere i drift innan 1. desember.
I Midt-Noreg skal det nå etablerast 400 plassar i Rauma kommune, nærare bestemt i Isfjorden der Isfjorden Turisthotell og Motell i Ørjavegen startar opp akuttinnkvartering på nytt, og det allereie innan 1. november.
I region Nord vil det etablerast 220 plassar i Bodø i regi av Mottaksdrift NOR på Bodøsjøen Camping derav dei 100 første plassane skal vere i drift innan 1. november og 120 plassar innan 1. desember.
UDI forventar også å utløyse ytterlegare 1500 plassar med bakgrunn i det auka behovet.
– Kan bli krevjande for kommunane
– UDI er klar over at det for nokon kommunar vil vere krevjande å få ei akuttinnkvartering som skal opprettast på så kort varsel, og vi prioriterer høgt ein god dialog med vertskommunar og stiller gjerne i møte med kommunane der det er ønskeleg. UDI følger også opp akuttinnkvarteringane jamleg i kontraktsperioden, opplyser Fløtre.
For å sikre at bebuarane får dei tenestene dei har krav på gis vertskommunane eit tilskott frå staten som skal dekke kommunanes gjennomsnittlege utgifter til dei tenester dei skal yte. UDI stiller i avtalene dessutan krav til leverandørane om samarbeid med vertskommunar og dei skal sørge for god orientering til kommunane som det etablerast akuttinnkvarteringar i. Vidare er det også krav til bemanning, informasjon og aktivitetar for bebuarane mens dei bor på akuttinnkvartering. Helse- og skoletilbod vil vere vertskommunens ansvar.
Les meir om vertskommunetilskott her (eksternt nettsted).
Les meir om krav til akuttinnkvarteringar her (pdf, 312 kB).
Driftsoperatørar som nå har fått nasjonale rammeavtaler:
Namn |
AFAS 040823 - 03 AS |
AMDO AS |
Apartments AS |
Bankplassen AS |
Calmar Eiendom 3 AS |
Dal Gjestegård |
Hero Norge AS |
Isfjorden Turisthotell og Motell |
JES Eiendom AS |
Kampen apartments and hotell AS |
KNC Hotel Management AS |
Link AS |
Magic North |
MD Solutions AS |
Mottak Nord AS |
Mottaksdrift Nord AS |
Oslo og Viken Hotel Management AS |
Oslofjord Convention Center AS |
Ostra Consult AS |
PTH AS |
Sana Mottaksdrift AS |
Savalen drift AS |
Sjumilskogen |
Stiftelsen Guts |
Tian Helse AS |
Westland Hotel AS |